mandag 30. november 2009

Long time since last update... Ops... :)







No er det jammen lenge sidan sist innlegg. For aa gjere ein laang historie kort sjolv om me ikkje er saa god paa det, er det sidan Gry vart sjuk i Guatemala og fekk streptokokker eller stafylokokker i halsen og var sjuk i lang tid pga det. Saa sidan sist har me faatt sjekka ut helsetilbod i baade Guatemala og Belize. Den laidback legen i Belize var faktisk basert paa donasjoner som vil seie at pasientane sjolv bestemmer kor mykje ein vil betale og det er frivillig om ein i det heile tatt betaler. Ikkje ein gong medisinene har dei pris paa! :)

Me var difor ei heil veke i Coban paa eit veldig koseleg herberg der alle arbeidande var engasjert og hjelpsomme mot oss og Grys helse. Denne byen er ikkje verdas mest interessante by og hostellet laag rett ved sida av ein meget aktiv evangelisk menighet som hadde laaange moter kvar ein dag med den same hoge musikken og roping. Akkurat det er noko me ikkje sakna, det var og fleire skudd aar hoyre etter morket kom fram saa me holdt oss innendors med hengekoyene i hagen.

Fraa Coban reiste me til Flores med shuttle sidan det er mange bandittar i dette omraadet. Koyrte gjennom nydeleg uberort landskap og saag baade urbefolkning og cowboyer langs vegen. Budde paa eit jungelinspirert hostel i Flores med god mat, trivelege omgivelsar og for fyrste gong x antall nordmenn! Andre gong me treff nordmenn i lopet av reisa og der traff me jammen meg 5 stykk! Det var og fleire svenskar der, i det heile tatt veldig mange backpackerarar i forhold til kva me er vane med.

Me var og i Tikal og saag paa ruinar midt inni ein jungel med apekattar, det var greit nok men ikkje direkt overveldande. Me fann ut at me nok har sett nok ruiner paa ei stund. Hogdepunktet var vel aa klatre opp dei stupbratte trappene opp paa den hogaste ruinen og faa utsikt over det heile.
Etterpaa reiste me til Belize og den karibiske kyst.
Sjaaforen vaar vart stoppa av politiet undervegs pga. at politiet syntes han hadde koyrt stygt, saa han koyrte etter han paa motorsykkel ei stund. Verker som trafikkreglane er strengare i Belize enn i Guatemala. Han begynte aa krangla med politiet og ville ikkje godkjenne boten han fekk, provde seg med por favor amigo, no problema, losiento etter at han fann ut at hoglytt krangling ikkje hjalp..

Motet med Belize var veldig positivt og heilt annleis. Her var det superhjelpsomme rastaflettefolk og reaggemusikk og utruleg god stemning. Me hadde litt vansker med aa slaa om til engelsk, sidan spansk har vore vaart henvendelsesspraak til no. Ein smule spraakforvirra rett og slett.
Me tok ein kjemperask baat ut til oya Caya Caulker og der var me ei veke. Der er det paradisisk med palmesus, krystallklar blaagron sjo og kvite strender. Rundt omkring paa oya staar det skilt som: Walk slow! Det var og nokon som paapeikte at RW gjekk for fort og kvifor ho gjorde det. Folk stressar ikkje akkurat! Det er og syngande syklande folk i gatene, god mat men ganske dyrt.. Folk er glad i aa ete, saa det er mange veldig overvektige folk her..
No reiser me vidare til Mexico i morgon, det vert spennande kva det landet har aa by paa : )

2 kommentarer:

  1. Hei igjen. Godt å høyra at dokke er på farten igjen, me har tenkt mye på dokke nå. Me har så smått begynt på julehandel idag i byen. kuldegrader. ha en god tur videre og pass på helsa. klem mor. skal hilse fra far.

    SvarSlett
  2. Hei høyre de er på veg heim... og då jubla vi..
    Hjertelig velkommen. D er den beste julegave. Og håpe at halsen din Gry er god nå.. KLEM frå oss alle på Østerhus. Sko helsa frå Suldal

    SvarSlett