Me hadde det veldig bra og interessant i Mayaindianerland.
Me har 5 timar spanskundervisning dagleg og paa denne maaten laerer me baade spraak og samstundes masse interessant om kulturen her. Naar me har spansktime sit me med ullstillongs, bukse, 3 jumprar, jakke, hue, skjerf, pledd dersom det er tilgjengeleg og ein varm kopp te. Me har kvar vaar spansklaerar og dei har kvart sitt fokus. Gry laerar grammatikk og reglar medan Roth faar hoyre lange historiar om tragiske hendingar her i omraadet. Dei er begge gode laerarar og det er godt aa endeleg ha intensiv spanskundervisning. I tillegg har me faatt god kontakt med ein historielaerar i huset me bur, som har ufatteleleg mykje interessant aa fortelje. Dei andre vestlege folka som er her, er ein sosialantropolog fraa Italia som skriver master om Mayafolket, 2 fredskorpsarbeiderer fraa Usa, ein nederlandsk frivillighetsarbeider og ei amerikansk frivilligheitsarbeider paa spraakskulen, ein franskmann, samt ei fraa Washington som studerer spansk som oss. Kjekke folk!
Torsdag besokte me ein fantastisk koseleg Mayafamilie som bestod av 3 generasjoner damer, 4 ungar, samt ein gris, ei hone, ein hund og eit par verpande fuglar som me ikkje hugsar namnet paa. Hjaa dei fekk me prove "chug" som er mayaindianerane sitt svar paa badstu. Eit lite krypinn av jord og stein som inneholdt ein benk, eit baal med glodane steinar over, ei krukke med varmt vatn og ei med kaldt. Ubeskriveleg herleg aa faa vaska seg og ikkje minst vere i eit varmt rom. Endeleg fekk Gry varmen i seg igjen, i det minste for ein time og to. Grunnen til at me frys saa mykje her er at ingen plass er varm. Ute er som inne, det er ikkje som i Norge kor ein berre kan gaa inn dersom ein frys. Til og med dei lokale klager over kulden fleire gonger dagleg.
¡ADVARSEL!
Dette innlegget staar i fare for aa verte ganske langt sidan me har laert ganske mykje om folk og kulturen her. Det er derfor opp til deg om du ynskjer aa fortsett aa lesa avslorande kulturelle fakta om Mayaindianarar, Ladinoar og dagleglivet i Todos Santos :)
- Helga for me kom hit var det stor festival her pga. Allehelgensdag, som er dei dodes dag. Folk kjem tilreisande fraa fjernt og naert og det feirast to heile dagar. Drikking av alkohol er svaert sentralt saman med hestelop for aa takka moder jord for god avling eller for eit godt liv(Utanom er alkohol forbudt). Ingen god kombinasjon, daa dei byrjer aa drikka og ri paa hest tidleg( kl. 08.00), hestelopet varer til seine kvelden. Kun ein pause mellom 12 og 2 for aa ete med familiane. Hestelopet gjeld sjolvsagt kun menn, men det var visstnok ei dame som provde seg i fjor og det var visst historisk. Det er ingen premie for vinnaren, derimot er det ynskjeleg at nokon doyr naar dei sorpande fulle faller av hesten og vert traakka ned. Naar nokon doyr, trur dei at dei sikrar god maisavling det komande aaret. I aar var det kun ein som hamna paa sjukehus, og ifylgje lokalbefolkninga difor ein daarleg festival. I fjor var det ein som doydde momentant naar han var traakka ned, og folketrua er daa at ein vil faa god avling det komande aaret. Det er ikkje berre hestelopet som gjer at folk doyr. Folk drikk seg ogsaa i hel av depresjon paa Alle st. dag i Todos(alle) Santos (St). Om kvelden dansar dei til seine natta, ungar og vaksne.
Dagen etter gaar alle paa gravplassen, sidan dei fleste har nokon dei kjennar som er gravlagt der. Dei har med lys, samt ulike ting dei ofrar til dei dode. Det kan vere alt fraa melk, kaffi, bonner, mais, brod etc. I tillegg spelar dei trommer for dei dode.
- Det er og ei overtru her om at dei stammar fraa maiskolba, mais er eit symbol for liv og det er difor at det er saa viktig at nokon doyr under allehelgensfestivalen slik at dei sikrar ein god avling og eit godt liv.
- Hovudreligionen her er Maya som vil seie at dei er i pakt med naturen og takkar moder jord.
- For ca. 30 aar sidan var det ein grusom borgarkrig her, mange vart drept. Spesielt menn, difor er det svaert faa eldre menn aa sjaa her. Mange hus vart oydelagt, difor er mange av husa ganske fine og nye sett i denne standarden. I tillegg har mange slektningar i USA eller har sjolv ein gong arbeida der (legalt eller kanskje heller illegalt) paa den maaten har dei faatt pengar til aa blandt anna bygga opp hus.
- Det er faktisk fleire vakter med maskingevaer her ogsaa, me er fortsatt redde for aa smila for mykje til ungane saa me vandrer litt reserverte rundtomkring. Bileter torer me ikkje aa ta.
- Ein fyr fraa Australia var paa fjelltur i omraadet og kom til ein nabolandsby. Han ville stilla dei nokre sporsmaal men dei (vaksne og ungar) sprang avgaarde.. Frykta etter geriljasoldater i fjella finst nok ennaa.
- Det er ikkje vanleg aa sjaa jenter saman med gutar i gatene. Ein av medstudentane her fekk mange rare blikk naar han hadde fylgje med andre turistjenter. Gry merka og tendensane til dette ved bordet der me bur, ingen ville sitje ved sida av ho. Dei kjempa om den eine stolen som var paa kortsida. Ingen satte seg heller ved sida av RW.
- Ein av studentane aat banan paa gata. Daa byrja folk aa le, dei syntes han saag ut som ein apekatt. Sidan dei delar banana opp i bitar for dei et den.
- Det er stor grad av analfabetisme her, men det har er likevel bedring i utdanning dei siste aara.
- Svaert faa born med funksjonshemningar gaar paa skule, dei er kun i familiane. I samfunnet vert dei diskriminert i stor grad, det er feks. meget vanskeleg for dei aa finna seg arbeid.
- Det er heilt akseptert at ungar kjem for seint til skulen dersom det er kaldt.
- I denne landsbyen snakkar 99 % indianerspraaket mam og dei fleste av dei gaar med tradisjonelle broderte fargerike plagg for aa visa kva omraade dei hoyrer til. Dei ulike fargane i kleda symboliserer noko. Rod er styrke, gron natur og svart er dod.
-Folka i storfamilien me bur hjaa er blandt dei faa unntaka her som er Ladinoar, det vil seie at dei er av spansk avstamming. Dei bruker derfor ikkje desse tradisjonsrike kleda, snakkar kun spansk og har ein meir moderne kultur. Fordelen med aa bu hjaa dei er at fleira av mennene der er ganske kunnskapsrike og utdanna. Dei er direktorar og laerarar paa skular rundtomkring i fjella, og dei fortel villig om Guatemala og dagleglivet her. Kvinnene derimot er utruleg vanskeleg aa faa i tale, dei 3 generasjonane arbeider stott og stadig ved gruva og er svaert vanskelege aa kome inn paa. Gjennomsnittslevealderen er kun paa ca. 50 aar her for kvinnene.. Dei lever eit hardt liv.
- I sentrum visar dei Todos Santosvideoen alltid, sjolv om det er den same videoen staar dei der og ser paa seg sjolv fulle paa hestar kvar ein dag.
- Dagleg eller fleire gonger dagleg et me bonner, egg og (smaklaus)tortilla. Men slik er verkelegheita her, det gaar ikkje ann aa ty til ein fancy restaurant for det er slik mat dei et her. I byrjinga var me ein smule lei av den same maten, men no gler me oss til kvar ein tortilla(et naerare 10stk kvar dag) og den andre maten.
Fredag var me paa "jungelekspedisjon" med laerarane vaare. Me klatra ned bratte skrentar og Nalo gjekk foran med sverdet og ordna veg. Naturen var flott og me kom til mange stilige flaggermushuler. Ganske spennande! Me saag og mange lokale hus der dei lever ganske primitivt .
Lordag spelte me fotball, kjekt men litt risikabelt i forhold til skader. Mange harde skot og litt vel mange paa kvart lag. Det var og marked i byen, baade matvarer og dyr og maange folk fra fjernt og naer kom, mange kledd i dei tradisjonelle kleda.
- Me ser visst farlegare ut enn me trudde.. Born i landsbyen syntes me var saa skumle at dei saavidt turde passera oss og la paa sprang naar dei hadde passert oss. Naar me tok dei lokale kyllingbussane mot Copan der det er veldig faa turistar ville ingen sitta ved sida av oss. Det var ein stappfull buss, men dei satt heller 7 i bredda enn aa setje seg med oss. Tilslutt sa bussmannen at ein mann maatte setta seg der, men han nekta og valte heller aa staa.. Omsider kom ein annan mann og ein unge bak og sette seg med oss.. Saa me er visst temmeleg eksotiske.
Bileter kjem! :)
- Og visste du: Du har eit dyr i deg som beskytter deg mot alt ondt. Iallefall i indianerland!
Forstår at de opplever masse spannade!!! Blir kjekt å sjå deko igjen å høyra kor flinke de har blitt i spansk... Kva dyr er det de har inni deko då??
SvarSlettKos deko masse vidare!
Klem frå Annbjørg (som sitte i ei varm stova med ein varm kopp kaffi...har det jammen ikkje ille sjølv om det er både mørkt og vått ute...)
Så kjekt å lesa.. Og sikkert veldig interesant å oppleve alt dette.. Det er som et eventyr..
SvarSlettMen ein heil mnd til de kjem heim det er lenge..
Nå lengter vi etter Gry.. Håpe du snart blir heilt frisk. Pass på dokken sjølv. Og ring viss det er noko. Deilig nå for nå kan vi ringe til dere på telefon..Stor klem fra oss alle
Hei hei:) Kjekt å se innom sidene dokkas innimellom! Så masse dikk får gjort! Bler ikkje liga misunnelige på frysehistorier som på surfehistorier;) Kos dokk
SvarSlettAnne Marte
Spennande lesing og bilder- godt å høyra ifrå dokke. Her fyre med godt i ogen selv om det er visst varmt nok uten...Pass på dokke sjøl og hold helsa.Klem mor
SvarSlettda e heilt utrule so mykje antropologi de får med dykk! de får skriva ei bok når de kjem heim!! kjempespennande å lesa! Håpa da gaor betre med helsa, Gry!
SvarSlettSkulle strikka nåke varmt t dikka, men blir vel litt i seinaste laget no.... Blir kjekt å treffa dykk at på nyåret!!
stor klem Karine
Hei! Veldig kjekt å få lese om alt det spennande de får oppleve :) Det er jammen både skremmande og spennande med så store kulturskilnadar! Håper alt står bra til og ønskjer dykk god tur vidare! :)
SvarSlett