mandag 30. november 2009

Long time since last update... Ops... :)







No er det jammen lenge sidan sist innlegg. For aa gjere ein laang historie kort sjolv om me ikkje er saa god paa det, er det sidan Gry vart sjuk i Guatemala og fekk streptokokker eller stafylokokker i halsen og var sjuk i lang tid pga det. Saa sidan sist har me faatt sjekka ut helsetilbod i baade Guatemala og Belize. Den laidback legen i Belize var faktisk basert paa donasjoner som vil seie at pasientane sjolv bestemmer kor mykje ein vil betale og det er frivillig om ein i det heile tatt betaler. Ikkje ein gong medisinene har dei pris paa! :)

Me var difor ei heil veke i Coban paa eit veldig koseleg herberg der alle arbeidande var engasjert og hjelpsomme mot oss og Grys helse. Denne byen er ikkje verdas mest interessante by og hostellet laag rett ved sida av ein meget aktiv evangelisk menighet som hadde laaange moter kvar ein dag med den same hoge musikken og roping. Akkurat det er noko me ikkje sakna, det var og fleire skudd aar hoyre etter morket kom fram saa me holdt oss innendors med hengekoyene i hagen.

Fraa Coban reiste me til Flores med shuttle sidan det er mange bandittar i dette omraadet. Koyrte gjennom nydeleg uberort landskap og saag baade urbefolkning og cowboyer langs vegen. Budde paa eit jungelinspirert hostel i Flores med god mat, trivelege omgivelsar og for fyrste gong x antall nordmenn! Andre gong me treff nordmenn i lopet av reisa og der traff me jammen meg 5 stykk! Det var og fleire svenskar der, i det heile tatt veldig mange backpackerarar i forhold til kva me er vane med.

Me var og i Tikal og saag paa ruinar midt inni ein jungel med apekattar, det var greit nok men ikkje direkt overveldande. Me fann ut at me nok har sett nok ruiner paa ei stund. Hogdepunktet var vel aa klatre opp dei stupbratte trappene opp paa den hogaste ruinen og faa utsikt over det heile.
Etterpaa reiste me til Belize og den karibiske kyst.
Sjaaforen vaar vart stoppa av politiet undervegs pga. at politiet syntes han hadde koyrt stygt, saa han koyrte etter han paa motorsykkel ei stund. Verker som trafikkreglane er strengare i Belize enn i Guatemala. Han begynte aa krangla med politiet og ville ikkje godkjenne boten han fekk, provde seg med por favor amigo, no problema, losiento etter at han fann ut at hoglytt krangling ikkje hjalp..

Motet med Belize var veldig positivt og heilt annleis. Her var det superhjelpsomme rastaflettefolk og reaggemusikk og utruleg god stemning. Me hadde litt vansker med aa slaa om til engelsk, sidan spansk har vore vaart henvendelsesspraak til no. Ein smule spraakforvirra rett og slett.
Me tok ein kjemperask baat ut til oya Caya Caulker og der var me ei veke. Der er det paradisisk med palmesus, krystallklar blaagron sjo og kvite strender. Rundt omkring paa oya staar det skilt som: Walk slow! Det var og nokon som paapeikte at RW gjekk for fort og kvifor ho gjorde det. Folk stressar ikkje akkurat! Det er og syngande syklande folk i gatene, god mat men ganske dyrt.. Folk er glad i aa ete, saa det er mange veldig overvektige folk her..
No reiser me vidare til Mexico i morgon, det vert spennande kva det landet har aa by paa : )

tirsdag 10. november 2009

Daglegliv i fjelllandsbyen Todos Santos:)


Me hadde det veldig bra og interessant i Mayaindianerland.
Me har 5 timar spanskundervisning dagleg og paa denne maaten laerer me baade spraak og samstundes masse interessant om kulturen her. Naar me har spansktime sit me med ullstillongs, bukse, 3 jumprar, jakke, hue, skjerf, pledd dersom det er tilgjengeleg og ein varm kopp te. Me har kvar vaar spansklaerar og dei har kvart sitt fokus. Gry laerar grammatikk og reglar medan Roth faar hoyre lange historiar om tragiske hendingar her i omraadet. Dei er begge gode laerarar og det er godt aa endeleg ha intensiv spanskundervisning. I tillegg har me faatt god kontakt med ein historielaerar i huset me bur, som har ufatteleleg mykje interessant aa fortelje. Dei andre vestlege folka som er her, er ein sosialantropolog fraa Italia som skriver master om Mayafolket, 2 fredskorpsarbeiderer fraa Usa, ein nederlandsk frivillighetsarbeider og ei amerikansk frivilligheitsarbeider paa spraakskulen, ein franskmann, samt ei fraa Washington som studerer spansk som oss. Kjekke folk!



Torsdag besokte me ein fantastisk koseleg Mayafamilie som bestod av 3 generasjoner damer, 4 ungar, samt ein gris, ei hone, ein hund og eit par verpande fuglar som me ikkje hugsar namnet paa. Hjaa dei fekk me prove "chug" som er mayaindianerane sitt svar paa badstu. Eit lite krypinn av jord og stein som inneholdt ein benk, eit baal med glodane steinar over, ei krukke med varmt vatn og ei med kaldt. Ubeskriveleg herleg aa faa vaska seg og ikkje minst vere i eit varmt rom. Endeleg fekk Gry varmen i seg igjen, i det minste for ein time og to. Grunnen til at me frys saa mykje her er at ingen plass er varm. Ute er som inne, det er ikkje som i Norge kor ein berre kan gaa inn dersom ein frys. Til og med dei lokale klager over kulden fleire gonger dagleg.




¡ADVARSEL!
Dette innlegget staar i fare for aa verte ganske langt sidan me har laert ganske mykje om folk og kulturen her. Det er derfor opp til deg om du ynskjer aa fortsett aa lesa avslorande kulturelle fakta om Mayaindianarar, Ladinoar og dagleglivet i Todos Santos :)

- Helga for me kom hit var det stor festival her pga. Allehelgensdag, som er dei dodes dag. Folk kjem tilreisande fraa fjernt og naert og det feirast to heile dagar. Drikking av alkohol er svaert sentralt saman med hestelop for aa takka moder jord for god avling eller for eit godt liv(Utanom er alkohol forbudt). Ingen god kombinasjon, daa dei byrjer aa drikka og ri paa hest tidleg( kl. 08.00), hestelopet varer til seine kvelden. Kun ein pause mellom 12 og 2 for aa ete med familiane. Hestelopet gjeld sjolvsagt kun menn, men det var visstnok ei dame som provde seg i fjor og det var visst historisk. Det er ingen premie for vinnaren, derimot er det ynskjeleg at nokon doyr naar dei sorpande fulle faller av hesten og vert traakka ned. Naar nokon doyr, trur dei at dei sikrar god maisavling det komande aaret. I aar var det kun ein som hamna paa sjukehus, og ifylgje lokalbefolkninga difor ein daarleg festival. I fjor var det ein som doydde momentant naar han var traakka ned, og folketrua er daa at ein vil faa god avling det komande aaret. Det er ikkje berre hestelopet som gjer at folk doyr. Folk drikk seg ogsaa i hel av depresjon paa Alle st. dag i Todos(alle) Santos (St). Om kvelden dansar dei til seine natta, ungar og vaksne.
Dagen etter gaar alle paa gravplassen, sidan dei fleste har nokon dei kjennar som er gravlagt der. Dei har med lys, samt ulike ting dei ofrar til dei dode. Det kan vere alt fraa melk, kaffi, bonner, mais, brod etc. I tillegg spelar dei trommer for dei dode.

- Det er og ei overtru her om at dei stammar fraa maiskolba, mais er eit symbol for liv og det er difor at det er saa viktig at nokon doyr under allehelgensfestivalen slik at dei sikrar ein god avling og eit godt liv.

- Hovudreligionen her er Maya som vil seie at dei er i pakt med naturen og takkar moder jord.

- For ca. 30 aar sidan var det ein grusom borgarkrig her, mange vart drept. Spesielt menn, difor er det svaert faa eldre menn aa sjaa her. Mange hus vart oydelagt, difor er mange av husa ganske fine og nye sett i denne standarden. I tillegg har mange slektningar i USA eller har sjolv ein gong arbeida der (legalt eller kanskje heller illegalt) paa den maaten har dei faatt pengar til aa blandt anna bygga opp hus.

- Det er faktisk fleire vakter med maskingevaer her ogsaa, me er fortsatt redde for aa smila for mykje til ungane saa me vandrer litt reserverte rundtomkring. Bileter torer me ikkje aa ta.

- Ein fyr fraa Australia var paa fjelltur i omraadet og kom til ein nabolandsby. Han ville stilla dei nokre sporsmaal men dei (vaksne og ungar) sprang avgaarde.. Frykta etter geriljasoldater i fjella finst nok ennaa.

- Det er ikkje vanleg aa sjaa jenter saman med gutar i gatene. Ein av medstudentane her fekk mange rare blikk naar han hadde fylgje med andre turistjenter. Gry merka og tendensane til dette ved bordet der me bur, ingen ville sitje ved sida av ho. Dei kjempa om den eine stolen som var paa kortsida. Ingen satte seg heller ved sida av RW.

Markedsdag.

- Ein av studentane aat banan paa gata. Daa byrja folk aa le, dei syntes han saag ut som ein apekatt. Sidan dei delar banana opp i bitar for dei et den.

- Det er stor grad av analfabetisme her, men det har er likevel bedring i utdanning dei siste aara.

- Svaert faa born med funksjonshemningar gaar paa skule, dei er kun i familiane. I samfunnet vert dei diskriminert i stor grad, det er feks. meget vanskeleg for dei aa finna seg arbeid.

- Det er heilt akseptert at ungar kjem for seint til skulen dersom det er kaldt.

- I denne landsbyen snakkar 99 % indianerspraaket mam og dei fleste av dei gaar med tradisjonelle broderte fargerike plagg for aa visa kva omraade dei hoyrer til. Dei ulike fargane i kleda symboliserer noko. Rod er styrke, gron natur og svart er dod.
Her er eit snikbilete av dei tradisjonelle kleda til mennene.


-Folka i storfamilien me bur hjaa er blandt dei faa unntaka her som er Ladinoar, det vil seie at dei er av spansk avstamming. Dei bruker derfor ikkje desse tradisjonsrike kleda, snakkar kun spansk og har ein meir moderne kultur. Fordelen med aa bu hjaa dei er at fleira av mennene der er ganske kunnskapsrike og utdanna. Dei er direktorar og laerarar paa skular rundtomkring i fjella, og dei fortel villig om Guatemala og dagleglivet her. Kvinnene derimot er utruleg vanskeleg aa faa i tale, dei 3 generasjonane arbeider stott og stadig ved gruva og er svaert vanskelege aa kome inn paa. Gjennomsnittslevealderen er kun paa ca. 50 aar her for kvinnene.. Dei lever eit hardt liv.
Husmora vaar og tenestejenta.


- I sentrum visar dei Todos Santosvideoen alltid, sjolv om det er den same videoen staar dei der og ser paa seg sjolv fulle paa hestar kvar ein dag.

- Dagleg eller fleire gonger dagleg et me bonner, egg og (smaklaus)tortilla. Men slik er verkelegheita her, det gaar ikkje ann aa ty til ein fancy restaurant for det er slik mat dei et her. I byrjinga var me ein smule lei av den same maten, men no gler me oss til kvar ein tortilla(et naerare 10stk kvar dag) og den andre maten.


Fredag var me paa "jungelekspedisjon" med laerarane vaare. Me klatra ned bratte skrentar og Nalo gjekk foran med sverdet og ordna veg. Naturen var flott og me kom til mange stilige flaggermushuler. Ganske spennande! Me saag og mange lokale hus der dei lever ganske primitivt .

Lordag spelte me fotball, kjekt men litt risikabelt i forhold til skader. Mange harde skot og litt vel mange paa kvart lag. Det var og marked i byen, baade matvarer og dyr og maange folk fra fjernt og naer kom, mange kledd i dei tradisjonelle kleda.

- Me ser visst farlegare ut enn me trudde.. Born i landsbyen syntes me var saa skumle at dei saavidt turde passera oss og la paa sprang naar dei hadde passert oss. Naar me tok dei lokale kyllingbussane mot Copan der det er veldig faa turistar ville ingen sitta ved sida av oss. Det var ein stappfull buss, men dei satt heller 7 i bredda enn aa setje seg med oss. Tilslutt sa bussmannen at ein mann maatte setta seg der, men han nekta og valte heller aa staa.. Omsider kom ein annan mann og ein unge bak og sette seg med oss.. Saa me er visst temmeleg eksotiske.
Bileter kjem! :)


- Og visste du: Du har eit dyr i deg som beskytter deg mot alt ondt. Iallefall i indianerland!

fredag 6. november 2009

Kvar er sola?

Naa er me langt oppi fjella, naerare bestemt Todos Santos paa 2400 moh og her er det kladt - kaldare - kaldast! For aa halde varmen paa rommet ligg me i senga med 3 ulltepper og likevel frys me. Me har paa oss alt av klede me har. Gry orker ikkje aa tenkje paa korleis ho skal klara aa ta ein dusj her. Maten her er bonner, tortilla, egg og ein sur ost. Det regnar stott og stadig og den imponerande naturen alle skryt saann av er skjult bakom skodda. Her skal me vere ei veke. Ruth Wenche seier me berre har godt av det.

Me er og ganske eksotiske her, er kanskje 5 andre kvitingar. Men dei andre folka paa spraakskulen liker seg veldig godt, fleire av dei har vore her mange maanader. Men me lengtar allereie etter ei strand med sol, saknar Peru. Kvar dag skal me ha 5 timar spansk, haaper det er ein motiverande laerar.

Me tek litt stikkord denne gongen, sidan det er manglande respons paa innlegga vaare i det siste. Dette tolkar me som at innlegga er for lange?!

- Vaeret i Guatemala er LOCO seier folk. Regn, regn , regn. Antakeleg pga den fryktede Ida som herjer i mellom Amerika. Bor vel ikkje klaga saa lenge me slepp vinden.

- Vulkantur til aktive Pacaya , RW med totalt feil sko- sandalar. Trudde ikkje me skulle saa naerme den fryktinngytande lavaen. Litt av ei oppleving!! :) Mange barnearbeider aa sjaa oppover vulkanen med hestar. I tillegg var landsbyen for vulkanen utruleg sjuskete og fattigsleg. I vulkanomraadet er det og stor andel saakalte bandittar og ranerar, men me gjekk i stor gruppe for sikkerheita.




- Marked der me gaar amok og kjoper masse til ein litt vel billig penge. Det er SAA MASSE FINT og fargerikt at det er vanskeleg aa ikkje slaa til naar fleire av selgarane er enkle aa forhandla med.. Cual es tu precio, amiga... ? Ikkje saa mange turistar no, saa dei konkurrerer om turistane. Fleire ungar reiser langt fleire dagar i veka for aa selge haandverk, saa barnearbeid er utbredt.

- Shuttel minibusstur med divaer fraa USA. Me klarte ikkje la vere aa le naar ho eine kommenterte oyredobbane til ein medpassasjer og sa: Ikkje verst til aa vere resirkulert. Ellers gjekk det i klaging naar bagasjen maatte paa taket og dei ikkje vart koyrt til dora. Ho eine dama vart livredd naar me kom fram og ho ikkje saag dottera si paa 25. Raskt satte ho seg inn i minibussen igjen, det var tryggast.

- Lago Atitlan, verdas finaste innsjo som no desverre er full av farlege bakterier.. Dette syntes tydeleg med flekkvise brune partier naar me tok baaten. Kremt, kremt - vanskeleg aa imponera norske jenter fraa vakre Ryfylke naar det gjeld natur. Me hadde likevel ei fin tid i landsbyen San Pedro med hengekoyer og god mat.

- Daa me ankom hoylandet, hadde me kameraet godt goymt i sekken. I Lonely Planet leste me historiar om turistar som tok bilete eller snakka med ungar og deretter vart drept sidan lokalbeflokninga trudde dei skulle kidnappa ungane. Det verkar heldigvis ikkje ut som det er saa gale, folk er vennlege.

- Oppleving aa ta lokalbussen paa landevei i over 3 timar(40 km) for aa kome til Todos Santos. Bussen var full av tradisjonelt kledde folk, oppi fjella er dei ganske konservative og eldgamle tradisjonar staar sterkt.

- I huset me bur er det 4 eller 5 generasjonar. Ho gamlaste dama ser ut som ho er 110 aar. I tillegg er det ei jente paa 4 aar som verkar som ho er eldre enn oss paa maaten ho snakkar paa. Veldig sot jente og god spansktrening aa snakka med ho.

Me skal stilla med eit opent sinn og suge til oss denne hoyfjellskulturen. Dette er kanskje det mest kulturelle me vil oppleva i lopet av reisa. Og forhaapentlegvis vil me laere meir spansk. I tillegg stottar me lokalsamfunnet , sidan pengane me betaler for spanskundervisning gaar direkte til skulegong for lokale ungar og det er jo supert!

Ops, me klarer visst ikkje stikkord me...

søndag 1. november 2009

El Salvador



Me landa paa ukjent territorium nervose for om me ville faa vanskar med immigrasjonsmyndighetene paa flyplassen. Normaltsett er me ikkje nervose for slikt, men mannen i innsjekkinga i Peru advarte oss at me kanskje kom til aa faa problemer paa flyplassen i El Salvador, sidan me ikkje hadde ein utreisebillett fraa landet. Han sa at me kanskje blei nodt til aa betala 500 dollar kvar. Det hoyrtes heilt sprott ut for oss me hadde jo ein billett ut fraa Mexico, saa forstod ikkje heilt problemet med dette. Heldigvis gjekk det knirkefritt og flyplassen i El Salvador er faktisk ein av dei mest effektive me har opplevd.



Utanfor flyplassen venta Darren paa oss med ein stor plakat, me hadde faktisk bestilt hostel og eigaren henta oss. Me var overraska over det frodige landskapet, flotte bilane og dei velstelte husa med hagane me saag. Kan sei det var annleis enn det inntrykket LP gav oss. Hostelet El Roble ved Playa Diego var over all forventning, her var det hengekoyer i fleng, stor hage, volleyballbane, basseng, uttallige spel, bordtennis, dart og matservering i svaert heimekoselege omgivingar. I tillegg til oss var Tiago fraa Brasil der og Kevin fraa Guatemala ellers var det ingen turistar aa sjaa i heile Playa Diego. Me storkoste oss med aa endelig faa slappa av i hengekoyer med skikkeleg sommarvarme og palmer i fleng. Men Ruth Wenche klarte ikkje slappe av for lenge og drog i gang med leik og morro. Resten av kvelden blei derfor benytta til dart og brettspelet risk. Ingen reiste derfor paa den nyopnapuben i La Libertad. Desverre maatte me vidare neste dag, det blei derfor ikkje tid til surfing men me rakk litt solslikking og eit varmt bad i Stillehavet. Paa veg tilbake traff me to politimenn med maskingevaer, ikkje vane med slikt fraa Peru.


Etter ein smoothie var tiden inne for aa starta vaar busstur mot Juayua. 4 bussar (gamle skulebussar fraa USA) maatte til, varme og fulle av folk, slettes ikkje enkelt for to jenter med digre sekkar. Paa heile reisen var det heller ingen andre turistar aa sjaa, saa me folte oss veldig synlege.
1. busstur mot San Salvador var mest behageleg der fekk me sitteplass, 2. bussen stod me i 1 1/2 time og fekk kjempegod hjelp vidare til neste buss. Den 3. bussen var stappfull, noko som forte til motoren kollapsa og alle maatte ut i ingenmannsland. Den fjerde bussen var fullare enn daakke kan forestilla daakke. Rw var halveis over giren og Gry stod i dora. Med dei store sekkane paa ryggen var det vanskeleg aa halde balansen aa prova aa ikkje skvisa dei andre folka. Det var heldigvis ein kort busstur saa det gjekk greit, men veldig herleg aa gaa ut derifraa. Alternativet til bussen var aa staa tettstappa paa lasteplanen til ein av dei mange pickupane, men med sekkane vaare var dette alternativet uaktuelt.

Framme i Juayua ante me ikkje kvar hostelet var, men det var ingen problem. Eit sporsmaal og me hadde folge av 5 guttar heilt fram. Igjen eit koseleg hostel med hage og flotte rom. I Juayua var det matfestival og me fekk smake mykje god men dyr mat. Paa markeda folte me oss i starten lurt sidan me trudde me fekk blodprisar. Me er nok blitt litt gjerrige etter aa ha vore i Peru og blitt vane med billege prisar og pruting men Ruth W har no lest at grunnen til at det er saa dyrt er fordi det meste av maten blir imponert fraa naboland. Derfor prover me naa aa godta fleire prisar naa, det er jo fortsatt billegare enn Norge.



Mandag hadde me ein fantastisk utflukt til dei 7 flotte fossane. Det var kun oss som hadde meldt oss paa, me fekk derfor privat guide og dermed inkludert spansktrening. Turen starta gjennom kaffiplantasjene, og me fekk hoyra mykje interessant om den omfattande kaffiproduksjonen. Deretter var det bekkevandring, fosserappelering og opp og ned i den vakre naturen. Ein gong sa guiden at me maatte ta ein annan veg sidan me var jenter, daa kom det ein samstemt protest og me snudde paa sekundet, dette klarte me glatt.
Den flottaste fossen var den siste og der var det og mogleg aa bade. Paa veg tilbake kom styrtregnet, men det gav berre bekkevandringa ein ekstra oppleving.



Etter utflukten tok me turen paa kafé for aa smake paa den lokale kaffien. Det var rart aa sitte der omkransa av kaffiplantasjer aa tenka paa at kaffien i Norge smakar betre. Her drakk me 4. rangs kaffi etter at det beste har blitt eksportert til Europa, USA og Kina. Saa nyt kaffien daakars folkens og kjop den helst rettferdig. Ein haarreisande fakta er at ein plantasjearbeider maa plukka heile 11kg kaffibonner for den skarve summen av 1$. Ca 40% av befolkningen i El Salvador jobber innen kaffinaeringa, men berre 2% tjener store penger paa det.

Ein av tre Salvadorianerar har ein slektning i USA som sendar dei store summar penger. Det er truleg aarsaka til dei mange fine bilane og velstelte eigendomane. Sjolv fattige hus har ein fin bil utanfor. Okonomien til El Salvador er ikkje saa god som fyrsteinntrykket tilseier.


Tirsdag var dagen for det lenge planlagte besoket til SOS barnebyen i Santa Ana. Der skulle me besoke fadderbornet til Gry, ei jente paa 10 aar. Det var faktisk ikkje saa vanleg med besok, me var den 4. i aar i heile El Salvador. Santa Ana var ein ufyseleg by, me var heldig og fann ein taxi, men det var verkeleg mangelvare. Fraa taxivindauget kunne me sjaa den minste butikk med 4 vakter med gedigne maskingever, ekkelt. Lurar paa kor lett dei skyt....
Barnebyen derimot var veldig flott, med koselege hus, grone plenar, planter og blomster. Husa hadde nesten norsk standard. Me tilbringte dagen (7 timar) med aktiv leik saman med dei 8 borna fraa 6-16aar. Me hadde med nokre gaaver og det broyt barrierer sidan borna var ganske sjenerte i starten. Leiken kom deretter i gong og det var ballongleik i alle moglege variantar, vannballong, all slags balleikar, saapebobleblaasing og papirbretting. Til slutt hadde me ein spennande basketballkamp, jammen var dei gode og konkurranseinstinktet i oss vakna. Det seier seg sjolv at me vart troytte av all leikinga og all spansken. Ungane var fantastiske og me hadde ein veldig kjekk dag. Dei er verkeleg priviligerte som har faatt moglegheiten til aa faa eit godt liv. Men jammen maa det vaere travelt aa vaere aleine SOS mor for den store barneflokken med vanskeleg bagasje.

Naa har me komt oss til Guatemala etter ein lang dagsreise. Busstasjonane er ikkje alltid like godt organisert, dei er gjerne midt i eit marked som det tek 20min aa kome ut fraa. Selgerar kjem stadig inn og ut av bussen og prover entusiastisk aa selge dei merkelegaste ting. Det kan vaera alt fraa barberhovler til oyredobber og godteri. Det er naa litt koseleg ogsaa og veldig praktisk dersom ein plutseleg skulle faa lyst paa ei kald flaske vatn.
Me var begge litt spente paa aa vandre over grensebroa, men det gjekk knirkefritt. Det var verre aa finna ein buss paa andre sida. Planen var at me skulle ta ein turistbuss, men me endte opp med ein stappfull kyllingbuss igjen. Guatemala by var gedigen, men overraskande fin sett ut fraa bussvindauget. Heldigvis fekk me god hjelp til aa gaa av i rett sone og ta ein taxi til neste buss derfraa. Blodprisar paa taxi her, men me fekk naa ein snill sjaafor. Paa bussen til Antigua ville sjaaforen at me skulle betala billett for sekkane vaare sidan dei var saa store. For aa unngaa det pressa me dei saa godt me kunne paa dei smale hattehyllene og utruleg nok hang dei der heile turen utan aa dette ned i ein overfullt buss. Det var overraskande fint og lukseriost paa vegen mot Antigua. Me ankom Antigua i morket saa det blir spennande aa vakna opp i maaro og sjaa kva byen har aa by paa.