Ankom Huaraz 06:30 og sjekka daa inn paa det forste og billigaste hostelet me fann: Carolina Lodging, eit heimekoseleg hostel. Der vart me kjent med britiske Camilla, og me fann fort tonen. Me gjekk ein tur til sentrum for aa finna ut meir om moglege turalternativer. Alle tre blei begeistra for 3-4 dagars telttur i fjellheimen Santa Cruz, saa daa gjenstod det berre aa finna det perfekte byraaet blandt dei mange. Camilla skada foten paa Machu Pichu, saa ho var avhengig av hest, me var avhengig av ein plass som kunne laane ut sko til oss. Me enda opp med Euroinka som var eit svaert billeg alternativ samenlikna med mange andre.

Me skal slutta aa le av turistar som gaar paa tur i allslags merkelege klaer i Norge. Det er ikkje lett aa pakka til mange formaal naar ein er paa reisefot lenge. Hamstring av allpakkaull maatte til: fraa topp til taa! I tillegg maatte mat og energibomber hamstras inn. Det merkelege var at me traff paa 4 turistar fraa Huanchaco som skulle paa same tur som oss, men med andre selskap. Verden er liten, ogsaa i Peru.

Lordag morgen klokka 6 var me pakka og klar for tur saman med 9 andre + ein kokk, ein "guide" og ein eselforar. Me var bekymra for hogden, sidan me kom fraa kysten og kun hadde hatt ein dag med aklimatisering. Me valgte likeval aa ta sjansen sidan me ikkje hadde merka noko saerleg til hogden. Kjoreturen var lang paa kronglete, bratte og smale vegar med hogaste punkt paa 4767 moh, det merktes paa pusten!

Jubel paa hogaste punkt: 4767moh.Det verste var naar det kom ein motgaande bil og me maatte bakka i ein av dei smale svingane med stup rett ned. Etter 6 timar var me framme i den avsidesliggande landsbyen Vaccaria paa 3700 moh. Me benytta tida i bussen paa aa drikka masse vatn og eta for aa ha energi og overskudd til turen. Framme i Vaccaria klokka 12:30 fekk me utdelt kvar vaar nistepakke: 2 lyse rundstykker med servelat, ei banan, ein sjokolade og ein liten pakke kjeks. Det me ikkje visste var at denne maten skulle vare fram til 19:30 om kvelden.
Ja, og det er vel her dramatikken begynte. Hesten til Camilla var ikkje paa plass, og prisen var hogare enn tidlegare fortalt. Folk blei klare paa ulike tidspunkt aa me gjekk derfor ikkje i ei samla gruppa. Ruth Wenche sin overeting paa bussturen i tillegg til hogden gav naa sine resultater. Starten var ikkje saa god for Ruth Wenche, men etter eit par dobesok vart det betre. Naa var det Gry som overtok gradvis med med sine problemer. Gry begynte aa kjenne dunking i hovudet, men det gjekk forholdsvis greit sidan me gjekk i eit roleg tempo med hyppige pausar. Me vart derfor midt i mellom dei raskaste og dei treigaste. Sidan me ikkje hadde noko sarleg lyst aa gaa feil i dei mektige Andesfjella, venta me heller paa baktroppen.


Baktroppen bestod av paret fraa Israel som hadde store problemer: Ho med vondt i hjarta samt problem med aa pusta, han hadde problem med hovudet. "Guiden" brydde seg ikkje og himla med augo og derfor maatte me ta litt ansvar. Camilla med den forstua foten ofra til og med iblant hesten sin til henne.
Det var godt aa komma fram til campen som var paa 3900 moh, der var det fleire teltlag men me hadde nok den styggaste. Dei kaldaste soveposane var igjen til oss, samt eit telt der den ytterste glidelaasen ikkje virka. Forelopig var det heller ingen informasjon gitt fra guidane og det var tidleg lite vennlighet aa finne.
Dei siste metrane var tunge for Gry, som maatte legge seg strekk ut naar ho kom fram, og utover kvelden vart det berre verre og verre. Hovudet dunka som aldri for og kvalmen sneik seg gradvis fram. RW og Camilla la seg etterkvart ogsaa ned og kjente ein snikande hovudpine. Maten blei klar noko som var baade bra og daarleg. Mest av alt hadde Gry berre lyst til aa ligga strekk ut, men sidan det var lenge sidan forrige maaltid gjekk me til fellesteltet. Aa bevega seg og komma inn i eit telt med masse lydar gjorde det berre mykje verre. Eg maatte nesten vri meg i smerter, men ingen spurte kossen det gjekk. RW og Camilla var derimot svaert hjelpsomme. Eg klarte ikkje sitta der meir og etter ei kokasuppe og litt middag gjekk eg inn og la meg i teltet vaart.
Det viste seg seinare at dei aller fleste hadde problem med hovudet og hadde derfor nok med seg sjolv. Etterkvart vart det store samtaleevnet den daarlege servicen fraa guidane. Ikkje ein einaste gong spurte dei nokon korleis det gjekk. Gry bestemte seg for at hu ikke kunne fortsette til neste camp som hadde hogaste punkt pa 4750 moh, tok ein hogdetablett og ein kopp kokate, som skal vaere bra for hogden. Ruth Wenche byrja sin diskusjon med guiden. I Huaraz hadde me forsikra oss om at dersom me skulle bli daarlege ville nokon snu med oss saman med eit esel. Dette viste seg naa aa ikkje stemme, og Ruth W provde forgjeves aa faa turledaren til aa forstaa sitt ansvar. Natta kom (dvs klokka 9), hogdemedisinen og kokateen gjorde det betre for Gry, som etterkvart sovna med bekymra sidekamerater. Camilla hadde med masse bra utstyr og delte gladelig. Gry har aldri folt seg saa hjelpaslaus paa ein tur for, og vart derfor glad naar ho kunne vare til nytte og byte sovepose med Camilla som froys veldig. Utstyret fra byraaet var heller daarleg, fleire froys heile natta.
Yes, og saa blei det morgen. For alle utanom Gry og litt Camilla hadde hovudpinen gitt seg. Saa dagen starta med ny hogdemedisin og kokate i soveposen for Gry sin del, og endelaus krangling med guiden angaande penger og retur for Ruth Wenche sin del. Det endte til slutt med at RW fekk 30 soles til returreise med buss, ingen esel eller hest men eit slags tilbud om folge tilbake fra ein lokal i naboleiren. Guiden brydde seg ingenting og sa ikkje eit ord til oss.
Gry visste at ho maatte snu, men fekk vondt av RW som og ville snu daa. Men det viste seg at kokka ikkje hadde kokt vatn (som lova), og nista var heller mindre denne dagen sjolv om dette var den hardaste etappen. Og med turlederane som var utrulig daarlige, saa var det egentleg berre godt aa snu, sjolv om me folte oss lost og aleine i dei mektige Andesfjella. Folka paa gruppa var veldig koselege, og me haapar verkeleg at det gjekk bra med alle (Alle klarte det, me traff samtlige igjen i gaar paa hostelet vaart og fekk referat). Medan dei rusla oppover bakkane, gjekk me bortover til han som skulle folge oss ned att. Me forventa absolutt ingenting av han, og sa at me kunne gaa i forvegen medan han hjalp dei andre med aa pakka esla. Med tidligare lite vennleghet vart me derfor meget rort naar han med eit stort smil sa: "Amigas, no problemas, yo caminar despacio tambien" Viss me ville venta nokre minutter ville han gaa seint saman med oss.
Det vart ein interresant og laererik tur, med unntak av nokre spypausar, strekk ut liggepausar, hovudverk og kvalme for Gry. Undervegs traff me paa fleire gjeterungar som Javier kjende, og det blei ein skikkelig fantastisk kulturopplevelse. Me fann fram sjokolade, kjeks og mandariner og delte ut, takknemligheten og gleden hjaa ungane var enorm.
Dei siste to timane gjekk me forbi fleire landsbyar, tok blant anna ein stopp hjaa familien til Javier som hoyrer til Kitchustammen. Dei har sitt eige spraak og fleire lever isolert og snakker derfor ikkje spansk. Av andre Peruanerar blir dei sett paa som indianerar, medan dei sjolv identifiserar seg med inkakulturarven. Fraa Javiers hus fekk me nytt folge av syster hans Mabell den siste timen. Turen varte tilsaman litt over 4 timar. Ruth Wenche holdt samtalen gaaande paa spansk, og det var mykje interresant aa hoyra om. Sjolv Gry som hadde nok med aa bevege seg framover syntes det var interresant aa hoyre om livet deira.
Gry og dei andre var svaert letta og fornoyd med at hu klarte aa bevega seg framover dei 15km med ein avsluttande svaert bratt stigning paa 400 hoydemeter. Ruth Wenche var letta naar det stod ein minibuss klar, akkurat paaveg tilbake til sivilisasjonen og ned ein del hogdemeterer. Etter 3 og ein halvtimes humpete busstur, letta hovudet til Gry. FANTASTISK.
Naa er me tilbake i Huanchaco og det er enda meir fantastisk. For sjolv om hovudet blei bedre paa vei ned, blei det vondt igjen natta etter. Dagen etter blei brukt til aa sova paa kvar ein mogleg plass. Drit aa ikkje takla hogden. Kanskje surfeoyrene mine og mangel paa mat ogsaa gjorde sitt utslag i tillegg til for kort tid med aklimatisering. Eg har iallefall fortsatt lyst aa bestige hoge fjell. Ruth Wenche er med, for hoyden gjekk bra for ho:) Men guide og reiseselskap skal vurderast noye paa forehand.




Abrazos de chica fuerte a la montaña y chica fuerte a la playa:)






