Me skulle ha avslutning for frivillige denne kvelden, sidan 5 frivillige reiste sist veka. Saa no er det ikkje saa mange igjen. Men det kjem visst 3 nye denne veka.
Vart kjent med ei 7aarig jente paa en kafe her ein dag og ho imponerte verkeleg med sine engelskkunnskaper og kloke svar. Me spelte eit terningspel med ho og jammen rekna ho raskt saman 6 ulike terningar. I tillegg klarte ho aa seie Grys namn paa fyrste forsok feilfritt, det er det ingen andre som har klart her nede. Festleg!
Sist lordag var Gry, RW og Sita paa shopping i Trujillo. Alle hadde feilberekna litt temperaturen her, saa maatte kjopa ekstra bukse og genser. Er jo kaldt her paa kveldane. Men no naermer det seg heldigvis vaar her.
Har spelt ein del sandvolleyball her i det siste, med usynleg nett- men det gaar jo fint for det.Vart saa ivrige i spelinga at me gloymte aa sjaa etter skoa vaare, saa vips var 2 par sko og ein genser borte vekk.. Heldigvis ikkje dei dyraste skoa..
Har og funnet ut kor forferdelige arbeidsvilkaar det kan vere her i Peru. Lonn paa ein time for ein kokk paa ein bra restaurant her er stakkarslege 2 soles. 1 soles = 2.15 NOK. Det forklarer kvifor mange jobbar saa voldsomt masse. Mange ungdommar maa forsorge heile familien og det er mange aleinemodre. Mange har fleire jobbar og har kanskje kun 15 min. mellom kvar jobb.
Dessverre er det vestlege eigarar paa dei restaurantane/herberga som tener mest. Arbeidarane der faar nesten ingenting att for det og vert i tillegg ofte behandla daarleg.. Provoserande. Freistar ikkje saa masse aa ete desse plassane daa..
Det som nesten er litt irriterande er at det er nesten umogleg aa gaa paa stranda aleine, utan aa faa selskap av lokale folk. Sjolv om du les ei bok, finn dei ein maate aa forstyrra deg paa og sett seg ned. Mange er ganske nysgjerrige paa oss sidan me er saa eksotiske. Her ein dag spurte ein mann om aa ta bilete av Gry og sonen paa stranda. Hehe..
Me vert av og til behandla annleis naar me tek bussen og faar beskjed om aa setja oss frammerst. Medan andre maa sitje tett paa kryss og tvers lengre bak. Liker ikkje slik saerbehandling. Her ein dag fekk RW beskjed om aa ta paa sikkerhetsbelte, sjaforen hadde det halveis paa over skulderen utan aa festa det. Mykje hjelp i det... I dag var det stappfullt paa bussen paa veg til jobb, daa provde fleire hender aa karre til seg nokre myntar fraa lommane vaare... Men me klarte stoppa dei, og dei forsvann fort vekk...
Slik ser bilane me tek til jobb den siste etappen ut. Av og til er frontruta halvveis knust og dora gaar gjerne ikkje ann aa lukka igjen... For ikkje aa gloyme motorstoppar og bulkar her og der.. No er me tre stykk som reiser til skulen i lag, det morosame er at fleire av sjaaforane no kjenner oss att og her ein dag helste sjaaforen og sa ¨hola ruth¨...
Sist lordag kveld var me paa folkemusikkfestival i Trujillo, interessant oppleving. Me fekk sjaa folk, musikk og dans fraa mange ulike land. Mange flinke. Festivalen var i ein idrettshall, saa det var litt krasj med gymsalgolv og stivpynta tangodansarar oppaa.. :)
RW har vore litt i andre klasserom den siste veka, sidan det har mangla laerarar. Det er interessant aa oppleve korleis andre klassar arbeider. Den klassen RW er mest i, er krevande sidan det er elevar med autisme og psykiske lidelser som treng oppmerksomhet og tett oppfylging. Dei fleste er utan spraak, men dei forstaar. Det er interessant aa vere med dei, laerer masse om baade meg sjolv og ungane. Men synest nok det er litt for strenge krav til ungane til tider.. Men uansett, saa er dei kjempeheldige som faar vere paa denne skulen der dei baade for mat, klede, stimulering, omsorg og vask. Dei andre klassane ho har vore i er mindre krevande, men dei treng alle masse oppmerksomheit. Fleire av klassane arbeider ut fraa Montessoripedagogikken.. Dei fleste i klassen eg har vore i denne veka har litt spraak og det er ein stor fordel naar eg sjolv er paa ordsamlingsjakt! Det er jo og litt stas for ungane naar dei kan laere meg noko! :) Ei jente las til og med ei bok for meg i dag.
No er det flytta inn 2 nye frivillige inn i huset der RW bur. Ei belgisk jente og ein tysk gut. Saa no er det fullt hus og sikkert ikkje varmt vatn lengre.. Men koselege folk for all del. Familien er og veldig kjekk og tolmodig med meg som ikkje forstaar alt som vert sagt akkurat. .
Her er klasserommet der Gry jobbar.Her er kokkegruppa som sel mat, det er veldig bra. Til hogre ser du Juani som er ansvarleg for frivillige i Otra Cosa.

Dette er klassen for dove. Ho til venstre er manager for prosjektet og er ein kjemperessurs!No skal eg laga meg litt mat i huset, byrjer aa verte lei av aa ete ute heile tida.. Dermed er det vel saa godt aa lage noko sjolv.. Men det skal nemnast at eg aat verads beste eplepai i gaar.. Maa nok gjentas!
Spraakmessig merka me noko pussig her ein dag naar me spelte ligretto. Snakkar jo veldig masse engelsk her, og plutseleg telte me inni oss paa engelsk. Naar me stod utanfor huset kun RW og Gry snakka me engelsk utan aa tenkje oss om.. Pussig!
I gaar kveld var det baal, gitar og floytespel paa stranda. Gry laag sjuk heima, matforgifta, men er naa frisk igjen. Oyra er og godt igjen, etter ei veke med nedsatt horsel og ingen surfing. Fantastisk aa surfa igjen, men Gry har blitt nedgradert til et skumbrett. Surfelareran var ikkje saa fornogd med at Gry for andre gang har klart aa faa ett hakk paa surfebrettet (Er steinbotn her). Gry har og hatt sin forste surfetime, saa det var kjekt og bra aa faa retta litt paa uvanar.
Det var litt oppdatering igjen! :) Jammen gadd du lesa heilt ned hit! Imponerande! Lurer jo og litt paa kven som eigentleg les bloggen vaar, saa flott om du legg igjen eit "fotspor" om du fylgjer med! :)








Kva skjer her? Var fantastisk med helg jallefall! :) Kunne sova litt lengre enn 6.30.
Men hadde ein flott kveld med gitarspel, synging, baal, leiker og bolgebrus. Det kom og fleire folk etterkvart. Sondag var me, Cita og Christel turistiske og besokte Chan Chan som faktisk var verdas storste by paa 1400 talet. Det var interessant aa gaa rundt i ruinane med guiden vaar. Fekk og sett dei haarlause peruanske hundane som sikkert er verdas styggaste hunderase. Men dei er visst i ferd med aa verte utrydda, saa difor er dei passa ekstra godt paa.
Men er nok er ikkje heilt spraakstabile ennaa, det var difor ein nedtur aa kome paa jobb i dag og finna ut at me ikkje forstod saa masse likevel. Hadde ein topp dag paa jobb likevel. Det var kun halv gruppa for baade RW og Gry, kun 4 og 5 ungar. Det merktes paa ungane at dei var rolegare naar dei fekk den hjelpa dei eigentleg treng.
Stor klem fraa oss :=)














