torsdag 3. desember 2009

Nuestras ultimo letra...

Dette innlegget vert historisk sidan me no er ved vegs ende og skriv det siste innlegget her i Cancun i Mexico! Me vil benytte anledningen til aa takka vaare leserar og haaper det har vore interessant aa hoyre om vaare opplevingar og laerdomar:)

I morgon tek me av fraa Cancun til Mexico city der me takka vere flytransport slepp aa kome inn i sjolve byen til Ruth Wenches glede sidan denne byen har eit kjempekriminelt rykte.
Me framskynda heimreisa med to veker sidan det ikkje er saa lett aa vere backpacker naar Gry er sjuk. Men no er Gry heldigvis mykje betre! Saa gaar ferden mot London,- Oslo med ein kjapp stopp og heim paa sondag. Skal verte kjekt aa treffa dykk att! :)
Mamma Olaug,- eg bestille dine nybakte boller med norvegiaost og iskald melk. Kanskje og litt grovbrod. Mor Margunn,- brunost og ferskt grovbrod held for meg:)
Norsk taco hadde heller ikkje vore feil, tenk at eg seier det midt i Mexicoland.. ;)

Dei storste endringane i Mexico er kor moderne(vestleg) det er, vegane og trafikken! Her stoppar faktisk bilane paa fotgjengarfeltet og me byrjer sakte men sikkert aa spasere tryggare over vegen. Ellers er det utruleg turistifisert (eller kanskje amerikanisert)her og mange plagsomme selgarar i gatene. "What can I help you with,- trip tomorrow, restaurant, hostel, or do you want a mexican boyfriend etc..."... ??

I dag var me paa stranda og der var det fullt med lukseriose beachresortar, me sneik oss til nokre solstolar der og klarte sitje der nokre timar til me vart oppdaga... :) Stranda var nydeleg med krittkvit sand og krystallklar sjo. No bur me faktisk paa vaart fyrste og siste hotell, tenkte aa unne oss litt luksus siste natt. Det kjekkaste er kanskje at me har tv med musikk-kanal.
Tru det eller ei men me var saa dumme at me reiste utan mp3 spelar eller Ipod. Neste gong er det eit must!

Me har hatt ein opplevelsesrik tur som har gitt minner for resten av livet:)
Me har laert utruleg masse om lands historie, geografi og folkeliv i dei ulike landa. Det flaue er at me kanskje kan for lite om vaart eige land, saa naa skal me heim og laere om vikingane som er noko mange forbinder med Norge.

Takk for no :)

mandag 30. november 2009

Long time since last update... Ops... :)







No er det jammen lenge sidan sist innlegg. For aa gjere ein laang historie kort sjolv om me ikkje er saa god paa det, er det sidan Gry vart sjuk i Guatemala og fekk streptokokker eller stafylokokker i halsen og var sjuk i lang tid pga det. Saa sidan sist har me faatt sjekka ut helsetilbod i baade Guatemala og Belize. Den laidback legen i Belize var faktisk basert paa donasjoner som vil seie at pasientane sjolv bestemmer kor mykje ein vil betale og det er frivillig om ein i det heile tatt betaler. Ikkje ein gong medisinene har dei pris paa! :)

Me var difor ei heil veke i Coban paa eit veldig koseleg herberg der alle arbeidande var engasjert og hjelpsomme mot oss og Grys helse. Denne byen er ikkje verdas mest interessante by og hostellet laag rett ved sida av ein meget aktiv evangelisk menighet som hadde laaange moter kvar ein dag med den same hoge musikken og roping. Akkurat det er noko me ikkje sakna, det var og fleire skudd aar hoyre etter morket kom fram saa me holdt oss innendors med hengekoyene i hagen.

Fraa Coban reiste me til Flores med shuttle sidan det er mange bandittar i dette omraadet. Koyrte gjennom nydeleg uberort landskap og saag baade urbefolkning og cowboyer langs vegen. Budde paa eit jungelinspirert hostel i Flores med god mat, trivelege omgivelsar og for fyrste gong x antall nordmenn! Andre gong me treff nordmenn i lopet av reisa og der traff me jammen meg 5 stykk! Det var og fleire svenskar der, i det heile tatt veldig mange backpackerarar i forhold til kva me er vane med.

Me var og i Tikal og saag paa ruinar midt inni ein jungel med apekattar, det var greit nok men ikkje direkt overveldande. Me fann ut at me nok har sett nok ruiner paa ei stund. Hogdepunktet var vel aa klatre opp dei stupbratte trappene opp paa den hogaste ruinen og faa utsikt over det heile.
Etterpaa reiste me til Belize og den karibiske kyst.
Sjaaforen vaar vart stoppa av politiet undervegs pga. at politiet syntes han hadde koyrt stygt, saa han koyrte etter han paa motorsykkel ei stund. Verker som trafikkreglane er strengare i Belize enn i Guatemala. Han begynte aa krangla med politiet og ville ikkje godkjenne boten han fekk, provde seg med por favor amigo, no problema, losiento etter at han fann ut at hoglytt krangling ikkje hjalp..

Motet med Belize var veldig positivt og heilt annleis. Her var det superhjelpsomme rastaflettefolk og reaggemusikk og utruleg god stemning. Me hadde litt vansker med aa slaa om til engelsk, sidan spansk har vore vaart henvendelsesspraak til no. Ein smule spraakforvirra rett og slett.
Me tok ein kjemperask baat ut til oya Caya Caulker og der var me ei veke. Der er det paradisisk med palmesus, krystallklar blaagron sjo og kvite strender. Rundt omkring paa oya staar det skilt som: Walk slow! Det var og nokon som paapeikte at RW gjekk for fort og kvifor ho gjorde det. Folk stressar ikkje akkurat! Det er og syngande syklande folk i gatene, god mat men ganske dyrt.. Folk er glad i aa ete, saa det er mange veldig overvektige folk her..
No reiser me vidare til Mexico i morgon, det vert spennande kva det landet har aa by paa : )

tirsdag 10. november 2009

Daglegliv i fjelllandsbyen Todos Santos:)


Me hadde det veldig bra og interessant i Mayaindianerland.
Me har 5 timar spanskundervisning dagleg og paa denne maaten laerer me baade spraak og samstundes masse interessant om kulturen her. Naar me har spansktime sit me med ullstillongs, bukse, 3 jumprar, jakke, hue, skjerf, pledd dersom det er tilgjengeleg og ein varm kopp te. Me har kvar vaar spansklaerar og dei har kvart sitt fokus. Gry laerar grammatikk og reglar medan Roth faar hoyre lange historiar om tragiske hendingar her i omraadet. Dei er begge gode laerarar og det er godt aa endeleg ha intensiv spanskundervisning. I tillegg har me faatt god kontakt med ein historielaerar i huset me bur, som har ufatteleleg mykje interessant aa fortelje. Dei andre vestlege folka som er her, er ein sosialantropolog fraa Italia som skriver master om Mayafolket, 2 fredskorpsarbeiderer fraa Usa, ein nederlandsk frivillighetsarbeider og ei amerikansk frivilligheitsarbeider paa spraakskulen, ein franskmann, samt ei fraa Washington som studerer spansk som oss. Kjekke folk!



Torsdag besokte me ein fantastisk koseleg Mayafamilie som bestod av 3 generasjoner damer, 4 ungar, samt ein gris, ei hone, ein hund og eit par verpande fuglar som me ikkje hugsar namnet paa. Hjaa dei fekk me prove "chug" som er mayaindianerane sitt svar paa badstu. Eit lite krypinn av jord og stein som inneholdt ein benk, eit baal med glodane steinar over, ei krukke med varmt vatn og ei med kaldt. Ubeskriveleg herleg aa faa vaska seg og ikkje minst vere i eit varmt rom. Endeleg fekk Gry varmen i seg igjen, i det minste for ein time og to. Grunnen til at me frys saa mykje her er at ingen plass er varm. Ute er som inne, det er ikkje som i Norge kor ein berre kan gaa inn dersom ein frys. Til og med dei lokale klager over kulden fleire gonger dagleg.




¡ADVARSEL!
Dette innlegget staar i fare for aa verte ganske langt sidan me har laert ganske mykje om folk og kulturen her. Det er derfor opp til deg om du ynskjer aa fortsett aa lesa avslorande kulturelle fakta om Mayaindianarar, Ladinoar og dagleglivet i Todos Santos :)

- Helga for me kom hit var det stor festival her pga. Allehelgensdag, som er dei dodes dag. Folk kjem tilreisande fraa fjernt og naert og det feirast to heile dagar. Drikking av alkohol er svaert sentralt saman med hestelop for aa takka moder jord for god avling eller for eit godt liv(Utanom er alkohol forbudt). Ingen god kombinasjon, daa dei byrjer aa drikka og ri paa hest tidleg( kl. 08.00), hestelopet varer til seine kvelden. Kun ein pause mellom 12 og 2 for aa ete med familiane. Hestelopet gjeld sjolvsagt kun menn, men det var visstnok ei dame som provde seg i fjor og det var visst historisk. Det er ingen premie for vinnaren, derimot er det ynskjeleg at nokon doyr naar dei sorpande fulle faller av hesten og vert traakka ned. Naar nokon doyr, trur dei at dei sikrar god maisavling det komande aaret. I aar var det kun ein som hamna paa sjukehus, og ifylgje lokalbefolkninga difor ein daarleg festival. I fjor var det ein som doydde momentant naar han var traakka ned, og folketrua er daa at ein vil faa god avling det komande aaret. Det er ikkje berre hestelopet som gjer at folk doyr. Folk drikk seg ogsaa i hel av depresjon paa Alle st. dag i Todos(alle) Santos (St). Om kvelden dansar dei til seine natta, ungar og vaksne.
Dagen etter gaar alle paa gravplassen, sidan dei fleste har nokon dei kjennar som er gravlagt der. Dei har med lys, samt ulike ting dei ofrar til dei dode. Det kan vere alt fraa melk, kaffi, bonner, mais, brod etc. I tillegg spelar dei trommer for dei dode.

- Det er og ei overtru her om at dei stammar fraa maiskolba, mais er eit symbol for liv og det er difor at det er saa viktig at nokon doyr under allehelgensfestivalen slik at dei sikrar ein god avling og eit godt liv.

- Hovudreligionen her er Maya som vil seie at dei er i pakt med naturen og takkar moder jord.

- For ca. 30 aar sidan var det ein grusom borgarkrig her, mange vart drept. Spesielt menn, difor er det svaert faa eldre menn aa sjaa her. Mange hus vart oydelagt, difor er mange av husa ganske fine og nye sett i denne standarden. I tillegg har mange slektningar i USA eller har sjolv ein gong arbeida der (legalt eller kanskje heller illegalt) paa den maaten har dei faatt pengar til aa blandt anna bygga opp hus.

- Det er faktisk fleire vakter med maskingevaer her ogsaa, me er fortsatt redde for aa smila for mykje til ungane saa me vandrer litt reserverte rundtomkring. Bileter torer me ikkje aa ta.

- Ein fyr fraa Australia var paa fjelltur i omraadet og kom til ein nabolandsby. Han ville stilla dei nokre sporsmaal men dei (vaksne og ungar) sprang avgaarde.. Frykta etter geriljasoldater i fjella finst nok ennaa.

- Det er ikkje vanleg aa sjaa jenter saman med gutar i gatene. Ein av medstudentane her fekk mange rare blikk naar han hadde fylgje med andre turistjenter. Gry merka og tendensane til dette ved bordet der me bur, ingen ville sitje ved sida av ho. Dei kjempa om den eine stolen som var paa kortsida. Ingen satte seg heller ved sida av RW.

Markedsdag.

- Ein av studentane aat banan paa gata. Daa byrja folk aa le, dei syntes han saag ut som ein apekatt. Sidan dei delar banana opp i bitar for dei et den.

- Det er stor grad av analfabetisme her, men det har er likevel bedring i utdanning dei siste aara.

- Svaert faa born med funksjonshemningar gaar paa skule, dei er kun i familiane. I samfunnet vert dei diskriminert i stor grad, det er feks. meget vanskeleg for dei aa finna seg arbeid.

- Det er heilt akseptert at ungar kjem for seint til skulen dersom det er kaldt.

- I denne landsbyen snakkar 99 % indianerspraaket mam og dei fleste av dei gaar med tradisjonelle broderte fargerike plagg for aa visa kva omraade dei hoyrer til. Dei ulike fargane i kleda symboliserer noko. Rod er styrke, gron natur og svart er dod.
Her er eit snikbilete av dei tradisjonelle kleda til mennene.


-Folka i storfamilien me bur hjaa er blandt dei faa unntaka her som er Ladinoar, det vil seie at dei er av spansk avstamming. Dei bruker derfor ikkje desse tradisjonsrike kleda, snakkar kun spansk og har ein meir moderne kultur. Fordelen med aa bu hjaa dei er at fleira av mennene der er ganske kunnskapsrike og utdanna. Dei er direktorar og laerarar paa skular rundtomkring i fjella, og dei fortel villig om Guatemala og dagleglivet her. Kvinnene derimot er utruleg vanskeleg aa faa i tale, dei 3 generasjonane arbeider stott og stadig ved gruva og er svaert vanskelege aa kome inn paa. Gjennomsnittslevealderen er kun paa ca. 50 aar her for kvinnene.. Dei lever eit hardt liv.
Husmora vaar og tenestejenta.


- I sentrum visar dei Todos Santosvideoen alltid, sjolv om det er den same videoen staar dei der og ser paa seg sjolv fulle paa hestar kvar ein dag.

- Dagleg eller fleire gonger dagleg et me bonner, egg og (smaklaus)tortilla. Men slik er verkelegheita her, det gaar ikkje ann aa ty til ein fancy restaurant for det er slik mat dei et her. I byrjinga var me ein smule lei av den same maten, men no gler me oss til kvar ein tortilla(et naerare 10stk kvar dag) og den andre maten.


Fredag var me paa "jungelekspedisjon" med laerarane vaare. Me klatra ned bratte skrentar og Nalo gjekk foran med sverdet og ordna veg. Naturen var flott og me kom til mange stilige flaggermushuler. Ganske spennande! Me saag og mange lokale hus der dei lever ganske primitivt .

Lordag spelte me fotball, kjekt men litt risikabelt i forhold til skader. Mange harde skot og litt vel mange paa kvart lag. Det var og marked i byen, baade matvarer og dyr og maange folk fra fjernt og naer kom, mange kledd i dei tradisjonelle kleda.

- Me ser visst farlegare ut enn me trudde.. Born i landsbyen syntes me var saa skumle at dei saavidt turde passera oss og la paa sprang naar dei hadde passert oss. Naar me tok dei lokale kyllingbussane mot Copan der det er veldig faa turistar ville ingen sitta ved sida av oss. Det var ein stappfull buss, men dei satt heller 7 i bredda enn aa setje seg med oss. Tilslutt sa bussmannen at ein mann maatte setta seg der, men han nekta og valte heller aa staa.. Omsider kom ein annan mann og ein unge bak og sette seg med oss.. Saa me er visst temmeleg eksotiske.
Bileter kjem! :)


- Og visste du: Du har eit dyr i deg som beskytter deg mot alt ondt. Iallefall i indianerland!

fredag 6. november 2009

Kvar er sola?

Naa er me langt oppi fjella, naerare bestemt Todos Santos paa 2400 moh og her er det kladt - kaldare - kaldast! For aa halde varmen paa rommet ligg me i senga med 3 ulltepper og likevel frys me. Me har paa oss alt av klede me har. Gry orker ikkje aa tenkje paa korleis ho skal klara aa ta ein dusj her. Maten her er bonner, tortilla, egg og ein sur ost. Det regnar stott og stadig og den imponerande naturen alle skryt saann av er skjult bakom skodda. Her skal me vere ei veke. Ruth Wenche seier me berre har godt av det.

Me er og ganske eksotiske her, er kanskje 5 andre kvitingar. Men dei andre folka paa spraakskulen liker seg veldig godt, fleire av dei har vore her mange maanader. Men me lengtar allereie etter ei strand med sol, saknar Peru. Kvar dag skal me ha 5 timar spansk, haaper det er ein motiverande laerar.

Me tek litt stikkord denne gongen, sidan det er manglande respons paa innlegga vaare i det siste. Dette tolkar me som at innlegga er for lange?!

- Vaeret i Guatemala er LOCO seier folk. Regn, regn , regn. Antakeleg pga den fryktede Ida som herjer i mellom Amerika. Bor vel ikkje klaga saa lenge me slepp vinden.

- Vulkantur til aktive Pacaya , RW med totalt feil sko- sandalar. Trudde ikkje me skulle saa naerme den fryktinngytande lavaen. Litt av ei oppleving!! :) Mange barnearbeider aa sjaa oppover vulkanen med hestar. I tillegg var landsbyen for vulkanen utruleg sjuskete og fattigsleg. I vulkanomraadet er det og stor andel saakalte bandittar og ranerar, men me gjekk i stor gruppe for sikkerheita.




- Marked der me gaar amok og kjoper masse til ein litt vel billig penge. Det er SAA MASSE FINT og fargerikt at det er vanskeleg aa ikkje slaa til naar fleire av selgarane er enkle aa forhandla med.. Cual es tu precio, amiga... ? Ikkje saa mange turistar no, saa dei konkurrerer om turistane. Fleire ungar reiser langt fleire dagar i veka for aa selge haandverk, saa barnearbeid er utbredt.

- Shuttel minibusstur med divaer fraa USA. Me klarte ikkje la vere aa le naar ho eine kommenterte oyredobbane til ein medpassasjer og sa: Ikkje verst til aa vere resirkulert. Ellers gjekk det i klaging naar bagasjen maatte paa taket og dei ikkje vart koyrt til dora. Ho eine dama vart livredd naar me kom fram og ho ikkje saag dottera si paa 25. Raskt satte ho seg inn i minibussen igjen, det var tryggast.

- Lago Atitlan, verdas finaste innsjo som no desverre er full av farlege bakterier.. Dette syntes tydeleg med flekkvise brune partier naar me tok baaten. Kremt, kremt - vanskeleg aa imponera norske jenter fraa vakre Ryfylke naar det gjeld natur. Me hadde likevel ei fin tid i landsbyen San Pedro med hengekoyer og god mat.

- Daa me ankom hoylandet, hadde me kameraet godt goymt i sekken. I Lonely Planet leste me historiar om turistar som tok bilete eller snakka med ungar og deretter vart drept sidan lokalbeflokninga trudde dei skulle kidnappa ungane. Det verkar heldigvis ikkje ut som det er saa gale, folk er vennlege.

- Oppleving aa ta lokalbussen paa landevei i over 3 timar(40 km) for aa kome til Todos Santos. Bussen var full av tradisjonelt kledde folk, oppi fjella er dei ganske konservative og eldgamle tradisjonar staar sterkt.

- I huset me bur er det 4 eller 5 generasjonar. Ho gamlaste dama ser ut som ho er 110 aar. I tillegg er det ei jente paa 4 aar som verkar som ho er eldre enn oss paa maaten ho snakkar paa. Veldig sot jente og god spansktrening aa snakka med ho.

Me skal stilla med eit opent sinn og suge til oss denne hoyfjellskulturen. Dette er kanskje det mest kulturelle me vil oppleva i lopet av reisa. Og forhaapentlegvis vil me laere meir spansk. I tillegg stottar me lokalsamfunnet , sidan pengane me betaler for spanskundervisning gaar direkte til skulegong for lokale ungar og det er jo supert!

Ops, me klarer visst ikkje stikkord me...

søndag 1. november 2009

El Salvador



Me landa paa ukjent territorium nervose for om me ville faa vanskar med immigrasjonsmyndighetene paa flyplassen. Normaltsett er me ikkje nervose for slikt, men mannen i innsjekkinga i Peru advarte oss at me kanskje kom til aa faa problemer paa flyplassen i El Salvador, sidan me ikkje hadde ein utreisebillett fraa landet. Han sa at me kanskje blei nodt til aa betala 500 dollar kvar. Det hoyrtes heilt sprott ut for oss me hadde jo ein billett ut fraa Mexico, saa forstod ikkje heilt problemet med dette. Heldigvis gjekk det knirkefritt og flyplassen i El Salvador er faktisk ein av dei mest effektive me har opplevd.



Utanfor flyplassen venta Darren paa oss med ein stor plakat, me hadde faktisk bestilt hostel og eigaren henta oss. Me var overraska over det frodige landskapet, flotte bilane og dei velstelte husa med hagane me saag. Kan sei det var annleis enn det inntrykket LP gav oss. Hostelet El Roble ved Playa Diego var over all forventning, her var det hengekoyer i fleng, stor hage, volleyballbane, basseng, uttallige spel, bordtennis, dart og matservering i svaert heimekoselege omgivingar. I tillegg til oss var Tiago fraa Brasil der og Kevin fraa Guatemala ellers var det ingen turistar aa sjaa i heile Playa Diego. Me storkoste oss med aa endelig faa slappa av i hengekoyer med skikkeleg sommarvarme og palmer i fleng. Men Ruth Wenche klarte ikkje slappe av for lenge og drog i gang med leik og morro. Resten av kvelden blei derfor benytta til dart og brettspelet risk. Ingen reiste derfor paa den nyopnapuben i La Libertad. Desverre maatte me vidare neste dag, det blei derfor ikkje tid til surfing men me rakk litt solslikking og eit varmt bad i Stillehavet. Paa veg tilbake traff me to politimenn med maskingevaer, ikkje vane med slikt fraa Peru.


Etter ein smoothie var tiden inne for aa starta vaar busstur mot Juayua. 4 bussar (gamle skulebussar fraa USA) maatte til, varme og fulle av folk, slettes ikkje enkelt for to jenter med digre sekkar. Paa heile reisen var det heller ingen andre turistar aa sjaa, saa me folte oss veldig synlege.
1. busstur mot San Salvador var mest behageleg der fekk me sitteplass, 2. bussen stod me i 1 1/2 time og fekk kjempegod hjelp vidare til neste buss. Den 3. bussen var stappfull, noko som forte til motoren kollapsa og alle maatte ut i ingenmannsland. Den fjerde bussen var fullare enn daakke kan forestilla daakke. Rw var halveis over giren og Gry stod i dora. Med dei store sekkane paa ryggen var det vanskeleg aa halde balansen aa prova aa ikkje skvisa dei andre folka. Det var heldigvis ein kort busstur saa det gjekk greit, men veldig herleg aa gaa ut derifraa. Alternativet til bussen var aa staa tettstappa paa lasteplanen til ein av dei mange pickupane, men med sekkane vaare var dette alternativet uaktuelt.

Framme i Juayua ante me ikkje kvar hostelet var, men det var ingen problem. Eit sporsmaal og me hadde folge av 5 guttar heilt fram. Igjen eit koseleg hostel med hage og flotte rom. I Juayua var det matfestival og me fekk smake mykje god men dyr mat. Paa markeda folte me oss i starten lurt sidan me trudde me fekk blodprisar. Me er nok blitt litt gjerrige etter aa ha vore i Peru og blitt vane med billege prisar og pruting men Ruth W har no lest at grunnen til at det er saa dyrt er fordi det meste av maten blir imponert fraa naboland. Derfor prover me naa aa godta fleire prisar naa, det er jo fortsatt billegare enn Norge.



Mandag hadde me ein fantastisk utflukt til dei 7 flotte fossane. Det var kun oss som hadde meldt oss paa, me fekk derfor privat guide og dermed inkludert spansktrening. Turen starta gjennom kaffiplantasjene, og me fekk hoyra mykje interessant om den omfattande kaffiproduksjonen. Deretter var det bekkevandring, fosserappelering og opp og ned i den vakre naturen. Ein gong sa guiden at me maatte ta ein annan veg sidan me var jenter, daa kom det ein samstemt protest og me snudde paa sekundet, dette klarte me glatt.
Den flottaste fossen var den siste og der var det og mogleg aa bade. Paa veg tilbake kom styrtregnet, men det gav berre bekkevandringa ein ekstra oppleving.



Etter utflukten tok me turen paa kafé for aa smake paa den lokale kaffien. Det var rart aa sitte der omkransa av kaffiplantasjer aa tenka paa at kaffien i Norge smakar betre. Her drakk me 4. rangs kaffi etter at det beste har blitt eksportert til Europa, USA og Kina. Saa nyt kaffien daakars folkens og kjop den helst rettferdig. Ein haarreisande fakta er at ein plantasjearbeider maa plukka heile 11kg kaffibonner for den skarve summen av 1$. Ca 40% av befolkningen i El Salvador jobber innen kaffinaeringa, men berre 2% tjener store penger paa det.

Ein av tre Salvadorianerar har ein slektning i USA som sendar dei store summar penger. Det er truleg aarsaka til dei mange fine bilane og velstelte eigendomane. Sjolv fattige hus har ein fin bil utanfor. Okonomien til El Salvador er ikkje saa god som fyrsteinntrykket tilseier.


Tirsdag var dagen for det lenge planlagte besoket til SOS barnebyen i Santa Ana. Der skulle me besoke fadderbornet til Gry, ei jente paa 10 aar. Det var faktisk ikkje saa vanleg med besok, me var den 4. i aar i heile El Salvador. Santa Ana var ein ufyseleg by, me var heldig og fann ein taxi, men det var verkeleg mangelvare. Fraa taxivindauget kunne me sjaa den minste butikk med 4 vakter med gedigne maskingever, ekkelt. Lurar paa kor lett dei skyt....
Barnebyen derimot var veldig flott, med koselege hus, grone plenar, planter og blomster. Husa hadde nesten norsk standard. Me tilbringte dagen (7 timar) med aktiv leik saman med dei 8 borna fraa 6-16aar. Me hadde med nokre gaaver og det broyt barrierer sidan borna var ganske sjenerte i starten. Leiken kom deretter i gong og det var ballongleik i alle moglege variantar, vannballong, all slags balleikar, saapebobleblaasing og papirbretting. Til slutt hadde me ein spennande basketballkamp, jammen var dei gode og konkurranseinstinktet i oss vakna. Det seier seg sjolv at me vart troytte av all leikinga og all spansken. Ungane var fantastiske og me hadde ein veldig kjekk dag. Dei er verkeleg priviligerte som har faatt moglegheiten til aa faa eit godt liv. Men jammen maa det vaere travelt aa vaere aleine SOS mor for den store barneflokken med vanskeleg bagasje.

Naa har me komt oss til Guatemala etter ein lang dagsreise. Busstasjonane er ikkje alltid like godt organisert, dei er gjerne midt i eit marked som det tek 20min aa kome ut fraa. Selgerar kjem stadig inn og ut av bussen og prover entusiastisk aa selge dei merkelegaste ting. Det kan vaera alt fraa barberhovler til oyredobber og godteri. Det er naa litt koseleg ogsaa og veldig praktisk dersom ein plutseleg skulle faa lyst paa ei kald flaske vatn.
Me var begge litt spente paa aa vandre over grensebroa, men det gjekk knirkefritt. Det var verre aa finna ein buss paa andre sida. Planen var at me skulle ta ein turistbuss, men me endte opp med ein stappfull kyllingbuss igjen. Guatemala by var gedigen, men overraskande fin sett ut fraa bussvindauget. Heldigvis fekk me god hjelp til aa gaa av i rett sone og ta ein taxi til neste buss derfraa. Blodprisar paa taxi her, men me fekk naa ein snill sjaafor. Paa bussen til Antigua ville sjaaforen at me skulle betala billett for sekkane vaare sidan dei var saa store. For aa unngaa det pressa me dei saa godt me kunne paa dei smale hattehyllene og utruleg nok hang dei der heile turen utan aa dette ned i ein overfullt buss. Det var overraskande fint og lukseriost paa vegen mot Antigua. Me ankom Antigua i morket saa det blir spennande aa vakna opp i maaro og sjaa kva byen har aa by paa.

fredag 23. oktober 2009

Rundtur i sor Peru

Grunna tidligare daarlege erfaringar med hogda, satte me av heile 2 og ein halv dag til avklimatisering i Cusco! Byen Cusco verka "vestleg", ikkje berre i utsjaande (gjeld sentrumskjernen) men ogsaa i prisar. Der tok me eit par spansktimar, aat god mat paa det som vart vaar favorittrestaurant og traff tilfeldig paa 2 nederlanske me var paa sandboarding med i Huanchaco og yogalaeraren RW kjennar fraa Huanchaco. Saa igjen verda er ikkje stor!

Fredag morgen vakna me til vekkerklokka 04:00. Planen var nemleg at me skulle komma oss tidleg i ko for aa kjopa inngangsbillett til Machu Picchu. Deretter skulle me starte vaar vandring i morket opp mot MP for forhaapentlegvis vaere i eit folketomt MP ved soloppgang. Naar vekkerklokka ringte slo skuffelsen mot oss, det posregna og me hadde ikkje regnklaer eller gode sko!!! Har ikkje hatt regn for paa denne turen, saa det var jo typisk at det skulle regna saa masse paa sjolvaste fotodagen. RW sjekka koforhalda tvers over gata men saag kun 3 folk som spurta i regnet. Gry i sin fjerne verden tenkte at dette maa me utsetta, me maa sova meir. 05:20 regna det fortsatt like gale, men sidan me hadde svindyre togbillettar tilbake same dag, maatte me opp av senga og heller satsa paa aa ta bussen. Det var ikkje ko paa bussen, men me som maatte venta paa at bussen skulle bli fullt opp. Sjolv om me ikkje var paa MP saa tidleg som planlagt kom me opp til eit fredfullt, mektig og majestetisk skue. Skodda hang, men etter kvart letta det og vart nydeleg. Hogdepunktet var toppturen til Wayna Picchu. Bratt stigning med masse trapper, RW folte seg som paa Stolzen. Endelig fekk "Gorditaene" trening og det er lenge siden. Derfor godt med fysisk aktivitet:)
Aguas Calientes er den naeraste landsbyen til MP, og er derfor ekstremt turistifisert og overprist. Me var der kun nokre timar for toget gjekk tilbake mot Cusco. Sidan me provar aa var okonomiske tok me kun toget til ein nabolandsby og bytta der til minibuss. Me var saers glade naar me ankom Cusco etter 1 1/2 time med den verste raakjoringa nokon gong. Gry sov, men RW satt anspent, rompa var ikkje nedpaa og halsen strakk seg for aa sjaa paa vegen. Sjaaforen hadde truleg ikkje forstaatt skilta krapp sving og smal veg. Heller ikkje forstod han det farlege med aa halde seg paa feil side av vegen for aa kjore forbi ALLE bilane han kom bak. Bilturen tok faktisk 20min kortare paa veg tilbake enn fram.

Lordag morgon tok me bussen til Puno, som ligg 7 timar lengre sor der den kjente Lake Titicaca er. Flott busstur gjennom Andesfjella. Undervegs passerte me ei aldeles grusom ulykka, som kanskje hadde skjedd natta for. Ein trailer og ein buss som hadde krasja, og dei var ganske smadra. Heldigvis hadde me ein god sjaafor.

I Puno booka me ei turgruppe, faktisk ikkje den billegaste sidan me har hatt daarleg erfaring med billege turoperatorer for (Faktisk betalte dei andre i gruppa mykje meir enn oss). Sondag morgen var me plass paa brygga og hadde ein flott baattur. Fyrste stopp var paa ei lita kunstig oy av roter og straa som heitte Santa Maria, der bur dei i straahus. I starten verka det idyllisk og sjarmerande, men dei er ganske odelagt av turismen. Me provde aa halde ein samtale med ei lokal jente paa 20 aar, men annankvar setning dreide seg om salg av souvenirer og anna handverk. Ein komisk ting var at to av damene oppdaga at Ruth hadde mykje frukt i ein pose, dette var mangelvare for dei. To damer begynte aa kappast om aa faa ein byttehandel. Mot ei banan og ei mandarin kunne RW velge kva ho ville.



Tok baaten vidare i 3 timar til den fantastiske oya Amantani. Her vart me mott av "husmora vaar" som folgte oss til huset hennar der me og britiske Charlotte skulle bu. Her budde det 4 herlege ungar fraa 3 til 13 aar. Me storkoste oss med dei, spelte volleyball, gav dei eit norsk puslespel, ballongar, klistremerker og nokre av vaare klaer. Gleda var enorm saa det var verkeleg kjekt aa gje dei noko. 3 av ungane blei heilt oppslukt av puslespelet, sjolv naar det begynte aa posregna fortsatte dei aa pusla under eit teppe. Mora i huset laga mat til oss, heilt fantastisk mat laga paa baal. Me rakk og ein topptur paa oyas hogaste punkt paa 4000moh. Om kvelden vart me stasa opp med folkeslagets tradisjonelle festdrakt og tatt med paa dans. Lokalt band spelte i for fullt med gitarar og panfloyter, og me svinga oss i ringdansen saa godt me kunne.


Dagen etter besokte me nabooya Taquile, den var og idyllisk og flott men her var turistane. Paa baatturen tilbake steike me oss paa dekk 3900moh og Ruth Wenche fekk 2.grads forbrenning paa glippen mellom t-skjorta og buksa.

Tirsdag var me klare for 21 timars busstur igjen langs kysten tilbake til Lima. Ruth utsiktstaarnet vaart vakna halv 4 paa natta av eit smell og singlande glass. Deretter vart lyset i bussen skrudd paa og av 5 ganger. Bussjaaforen begynte aa raakjoyra for aa komme seg vekk. Leste etter i Lonley Planet at det var vanleg med angrep paa nattbusser denne strekningen Arequipa-Nasca. Heldigvis gjekk dette ogsaa bra.

I Lima blei me mott av Lise (tremenningen til RW som ogsaa var i Huanchaco). Ho tok oss me paa byvandring i Lima, som denne gang viste seg fraa si beste side. Det var og det Gry rakk aa faa med seg av Lima, for etter det laag ho berre til sengs paa eige rom i det herskapelege huset til Lise i Miraflores. Det var hovudverk, kvalme, diare, oppkast, feber og slapphet. Sidan me hadde flybillett til El Salvador dagen etter maatte me til doktoren for aa faa attest i tilfelle me ikkje kunne reise. Heile huset vart engasjert, husfrua, tjenestejenta og dei andre. Paa den offentlege legevakten var det stappfullt med folk, og fleire verka overraska over at ein turist gjekk offentleg i plassen for privat. Men legane og pleiarane var gode dei, har ikkje tal paa kor mange som undersokte meg. I Peru har folk ikkje raad til aa vaera sjuke, dei maa paa jobb og sjuketrygd finst ikkje. Derfor har dei ei effektiv men ufatteleg vond sproyte (2kr) som raskt fekk ned feberen fraa 39 til 37 1/2. Resten av symtoma fortsatte saa Gry holdt senga, men hadde igjen flittige hjelperar som kom med mat og drikke og det eg trengte. Mange takk!

RW og dei andre tvilte sterkt paa at me kom oss avgaarde med flyet. Men mot alle odds vakna Gry fredagsmorgen frisk som ein fisk (med unntak av vondt i laaret etter sproyta) og klar for aa fly. For aa komma oss til flyplassen tok me taxi og rett for me ankom flyplassen blei me stoppa av politiet. Den uregistrerte taxisjaaforen provde aa lyga for aa sleppa gebyr og sa at me var vennene hans. Politiet spurte deretter oss er dette en taxi, sjaaforen gjorde sterke signaler i speilet. Men dei norske jentene i baksetet er ikkje blitt Peruanerar og klarte ikkje aa lyge politiet rett opp i trynet..

Det var trist aa forlate Peru. I skrivande stund er me i El Salvador med orten stikk, mangel paa internett, dyrare prisar og posregn. Dette hortes negativt ut, men El Salvador er ogsaa eit veldig flott land og me har mykje bra aa fortelja om dette meir uturistifiserte landet. Folg med i neste episode....

torsdag 15. oktober 2009

Chao bonita Huanchaco:)

Hei hei folkens!

Naa er desverre tida i Huanchaco slutt for denne gong.. Naa forlet Gry dei gode surfestrendene og 2 timar med surfeundervisning fraa ein tidlegare proff som ho ikkje rakk. Nabostranda Chicama med verdas lengste bolger fekk heller ikkje nok besok av Gry.
Spanskundervisning reiser me og i fraa. Gry hadde Norsk-Spansk intercambio med David og fekk paa den maaten gratis spanskundervisning. Ruth Wenche hadde engelsk - spansk intercambio med Nilo. I tillegg reiser me begge fraa 3 gjenstaande spansktimar, men det er ikkje det verste.

Ikkje meir jobbing paa den fantastiske skulen Santo Toribio, ikkje meir ta dei rode bilane paa jobb(som me mot statestikken klarte aa komma oss igjennom utan aa bli robba eller overfallt). Bydelen me jobba i var blandt dei farlegaste omraada i Trujillo, saa lokale peruanerar er faktisk ogsaa redde for aa ferdast der. I avisene og paa nyhetene er det alltid alvorlege og groteske sakar fraa dette omraadet. Me kunne ikkje skriva det for me var ferdig med aa jobba der. Men me vart jo kjent med fleire av sjaaforane etterkvart, saa daa vart det tryggare.
Me reiser og ifraa verdas beste bakeri med herlege nysteikte brod kvar kveld, den smilande vaskerimannen med saa billige prisar, den faste internettplassen, dei utruleg gode og billige kakene i gata og mykje meir.

Trist aa forlate alt dette, surfing, strandliv, jobb, spansk, folket og alt. Saa denne vekas oppdatering bestaar seg av eindel avskjedar......

Nesten med ein gong me kom hit, spurte Juani frivillighetskoordinatoren om me kunne ha ein workshop om autisme paa ein spesialskule der laerarane ikkje var utdanna for ungar med spesielle behov. Derfor har me denne siste veka studert og leita etter relevant faginfo paa nettet om autimse, disponert stoffet og oversatt til engelsk. Me fekk og god hjelp fraa vaar ekspertkontakt i Norge, baade paa telefon og mail- tusen takk Birgitte! :) Fant ut at me saknar studenttilveringa litt, var faktisk ganske saa interessant og me laerte ein heil del.
Saa paa torsdag hadde RW og Gry kurs paa engelsk for 16 laerarar og 2 frivillige paa ein annan spesialskule i Trujillo. Rektor hadde til og med gitt ungane fri for at laerarane skulle hoyre paa oss. Juani oversatte til spansk og Roxanna skreiv notater paa whiteboard etter det me sa.

Blei nesten litt stressa daa me kom dit og dei sat klar i ein sirkel og me plutseleg vart presentert som autistekspertar, unge Gry og Ruth. Stemmer jo ikkje akkurat at me er ekspertar paa dette, saa det var jo litt pinlig at dei forventa saa mykje av oss. Men merkeleg nok vart me ikkje saa nervose. Hadde heldigvis gjort eit godt forarbeid og det gjorde nok presentasjonen lettare. Men det tok lengre tid enn venta for dei hadde saa mange innspel og sporsmaal. Me provde aa svara saa godt me kunne. Fleire ville ha oss til aa diagnostisera ungar til aa vere autistar, off ja,- dei saag verkeleg paa oss som ekspertar. 2 timar tok det for me var ferdige og me fekk fleire positive tilbakemeldingar saa det gjekk visst ganske bra.

Etterpaa tok me turen til skulen vaar ein siste gong for aa gje ein liten pakke til kvar av elevane. Dei har ikkje saa mykje, saa kjekt aa gje dei noko som kun er deira. Det vert trist aa ikkje sjaa dei meir. Etterpaa var det rett paa den siste torsdagslunsjen saman med dei andre frivillige der me fekk tale og diplom av frivilligheitskoordinatoren.

Fredag var me paa "Center de Cultura" i sentrum av Trujillo for aa markera inkluderingsdagen, ¨ingen utanfor¨ var slagordet. Ungane paa skulen vaar opptredde paa scenen med dans, musikk og teater. Kjempekjekt aa sjaa dei i aksjon med flotte kostymar. Familiane var inviterte, saa til saman var det sikkert 100 folk. Me fire frivillige vart plassert paa heidersplassen heilt framme saman med direktorane. Liker ikkje slik forskjellsbehandling, men laerarane insisterte saann. Paa slutten av programmet maatte me fram paa scenen sidan me skulle slutta. Daa fekk me to lange talar kvar paa spansk med stemningsmusikk i bakgrunnen. Forstod ikkje saa masse sidan me vart litt overvelda av alt som skjedde, men me nikka, smilte og takka saa godt me kunne. Fekk og kvar vaar indianersekk og ei peruskrivebok saa det var jo koseleg!

Etterpaa aat me lunsj med laerane, elevane og familiane. Det var ikkje saa planlagt saa me maatte venta leeenge paa maten, som bestod av ein ganske saa liten porsjon med kylling. Det var ikkje alle familiane som hadde raad til aa kome, men det var naa godt oppmote likevel. Foreldra og soskna verka veldig koselege og blide, til tross for den harde verkelegheita mange lever i.

Lordags kveld var det avslutning med"fogata". Det har blitt ein tradisjon at naar nokon reisar samlast alle til baalkos paa stranda. Det var veldig koseleg, gitarspel, sang og snakking. Mange motte opp saa me vart ein god gjeng rundt baalet.

Ellers saa gjekk tida med til aa henga med dei andre frivillige og lokale folk me kjenner. RW hadde med seg Ligrettokortspelet og det har vist seg aa bli ein slager her. Har difor blitt ein del speling i det siste og det er jo kjekt. Siste kvelden holdt Chocolate som er ein koseleg okologisk kafe ekstra aapent for oss. Aat den herlege mexicanske wrapsen med bonner og spelte ligretto i fleire timar for me for siste gong skulle ta farvel for godt...

Naa er me i Lima og ventar paa bussen til Cusco som ligg paa 3000meter. Men bussturen tek heile 22 timar, og i natt tok me buss i 9 timar saa me er nok ganske saa troytte i morgon.

Kanskje faar me provd oss meir paa spansken naa som me reiser paa eigenhand. I Huanchaco gjekk det for det meste i engelsk sidan det er ein turistvennleg plass snakkar dei fleste engelsk. Det var faktisk slik at naar Lise(tremenning til RW) kom paa besok kunne me plutseleg snakka i veg paa engelsk til ho. Det var forresten skikkeleg kjekt med besok, me hadde ei super helg!

Haaper de alle har det bra:) Klem!

fredag 2. oktober 2009

Daglegliv i Huanchaco igjen..

Dagleglivet har inntatt oss igjen, etter dramatikken i Huaraz.

Avslutning for Cita og Alex som reiser tilbake til Tyskland. Paul og to andre kunstnarar bidrog med kroppsmaling.


Gry og Omar



Trivelege folk. Juan, Sita, Christel og Victoria.


RW, Mareikja og Nilo.

Kitty fraa Nederland i midten, ho jobbar paa same prosjekt som oss.

Kva skjer her? Er saa lenge sidan me har skrevet, at me tek ein punktvis oppdatering denn gongen.

- Gry hoyrer igjen. Etter 6 sproyter inn og ut med varmt vatn i kvart oyra, blei horselen saa god som ny.

- Me var paa dagsutflukt med klassane vaare. Koyrte i ein og ein halv time kvar veg, saa det var ikkje mykje tid til overs paa sjolve plassen. Men borna storkoste seg til hog latinomusikk og drossevis av mat og snop, eit gedigent etegilde. Foreldre var ogsaa invitert, saa RW fekk helsa paa modre og sostre i klassen hennar. Diverre var det kun ei mor i klassen til Gry som motte opp...
Ruth Wenche fekk og vaere med 3 andre klassar til dyrehage, piknik og fysisk aktivitet. Veldig bra dag. Borna oppforte seg eksemplarisk, og fekk maange gode minner aa sjaa tilbake paa.

- Me har provd sandboarding saman med ein gjeng frivillige. Artig! Det var skummelt aa staa paa toppen fyrste gongen, men sand er ikkje saa raskt som sno... Kjekt aa gjere noko anna! Nederlendarane var imponert over fjellgeitene fraa Norge, for kvar gong me rann ned ville me gaa opp igjen.
- Me har eit prosjekt paa gang her. Har vore ein dag og observert paa ein annan spesialskule og skal tilbake neste veke for aa gi tips/ha ein workshop med laerarane i forhold til arbeid med autistar. Skal ha med oss tolk, sidan dei ikkje snakkar engelsk. Kom gjerne med tips i forhold til dette. Me veit at det er mange ressurspersonar som les bloggen. Hjelp mottas med stor takk:)

- Gry folte seg som ein kjendis her ein dag ho var aa surfa. Etter ein av dei beste bolgene ho har tatt, blei ho mott av 20-30 skrikande ungar paa klassetur som hylte og ropte at ho maatte uti igjen, alle ropte i kor igjen og igjen... Dei tok bileter og lurte paa om ho reiste saman med andre surferar fraa Norge. Hehehehe... Komisk, heldigvis var det maange folk som var uti sjoen og forhaapentligvis mista dei ho ut av syne, for neste bolge var ikkje like bra...

- Gry skulka og jobben og surfa i Chicama, kor dei har verdens lengste bolger. FANTASTISK! Det var ikkje dei lengste bolgene den dagen, men likavel lengste bolge Gry har surfa: 80 meter lang. Bolgene der kan bli opp til ein km, saa maa nok tilbake!

- Det finst mange gleder her i livet, for fleire av borna i klassen til RW er ein av gledene aa faa pussa tennene eller vaska seg med sjampoo og saape. Daa kjem dei smilande og stolte og viser seg fram og vil at me skal lukte paa dei.

- I tillegg er det er mange triste skjebner her. Daa me var paa besok paa den andre spesialskulen traff me ein gut paa 14 aar som kun hadde gaatt paa skule sidan han var 12. Daa kunne han ikkje sitje og var akkurat som ein stor baby. Foreldra er analfabete og visste ikkje korleis han kunne faa plass paa ein skule. No har han gaatt paa skule i 2 aar og kan sitje, kle paa seg og ete sjolv paa skulen, men ikkje heime.

- Traff og paa ei nederlandsk dame som har arbeida med fattige og funksjonhemma i 20 aar. Ho reiser dagleg inn i fattige omraader og gjer mange familiar som har born med funksjonshemningar avlastning. Ei av jentene ho tek seg av, er ei autistisk jente RW har jobba litt med. Ho fortalte at mora kvar gong sa til henne: ¨Please give her away, please¨..

-Naa naermer det seg snart avreise fraa Huanchaco der me har budd i snart 10 veker. Gry vil gjerne vere lengre, medan RW snart er klar for aa oppleva nye ting! Det vert nok trist aa forlate alle folka, ungane paa skulen og det avslappande livet her.
Men det ikkje saerlig kjekt aa fortelje lokale folk om kor me skal reisa sidan dei ikkje har raad til aa reisa i sitt eige land ein gong. Etterkvart kjenner turistane fedrelandet deira betre enn dei sjolv. Cusco er for eksempel ein plass der saa og sei ingen peruanere me kjenner har raad til aa reise. For ein urettferdigheit at me kan reise kor me vil og dei ikkje kan. Dei er likevel stolt av landet sitt. Daa me tok bussen med ungane paa spesialskulen koyrte me forbi mange ekstremt fattige omraader og sjolv dei mest skropelege skura har eit peruansk flagg vaiande i vinden. Myndigheitene gjer lite for dei fattige og verkar til aa helst ville goyme det vekk. Fattigdommen i Peru er enorm og det er tragisk at dei ikkje har nokon som helst rettigheiter i livet! Er naerast umogleg aa kome seg opp fraa det livet ein er fodt til.
Slik bur mange av ungane paa skulen me jobbar. Har mange fleire bileter, men tek laang tid aa laste opp bileter her.

No i helga faar me besok av Lise, tremenningen til RW. Ho studerer i Lima og hadde lyst paa ein helgetur! Det vert jammen meg stas med besok! :) Haaper paa fint ver og at Huanchaco viser seg paa sitt beste.

Haaper at alle har det berre bra! Og ja, me er glade for alle tips til arbeidet med autistar. ;)

Litt bileter fraa skulen :)

I gymrommet, denne dagen var ballaktivitetar i fokus.
Gry leiker med ungane i friminuttet, dei storkoser seg.


Morgonsamling i klasserommet der RW jobbar mest.


Herlege ungar!






Populaer karusell.



Dette er klassen der Gry jobbar.


Dette er klassen der RW jobbar.

søndag 20. september 2009

Lost i Andesfjella...

Me har naa hatt vaar forste ferie fra det avslappande livet i Huanchaco. Ferden gjekk plutselig til Huaraz. Det var eit spontant valg, snakka litt om det dagen for men bestillte bussbillett same dag som me reiste. Me satte oss paa nattbussen, og sov temmeleg bra. Ruth vakna av dei ekstremt svingete og sikkert smale veiene som gjekk bratt oppover mot 3100 moh. Gaar kun nattbuss fra Truilljo, sikkert ein grunn til det.

Ankom Huaraz 06:30 og sjekka daa inn paa det forste og billigaste hostelet me fann: Carolina Lodging, eit heimekoseleg hostel. Der vart me kjent med britiske Camilla, og me fann fort tonen. Me gjekk ein tur til sentrum for aa finna ut meir om moglege turalternativer. Alle tre blei begeistra for 3-4 dagars telttur i fjellheimen Santa Cruz, saa daa gjenstod det berre aa finna det perfekte byraaet blandt dei mange. Camilla skada foten paa Machu Pichu, saa ho var avhengig av hest, me var avhengig av ein plass som kunne laane ut sko til oss. Me enda opp med Euroinka som var eit svaert billeg alternativ samenlikna med mange andre.


Me skal slutta aa le av turistar som gaar paa tur i allslags merkelege klaer i Norge. Det er ikkje lett aa pakka til mange formaal naar ein er paa reisefot lenge. Hamstring av allpakkaull maatte til: fraa topp til taa! I tillegg maatte mat og energibomber hamstras inn. Det merkelege var at me traff paa 4 turistar fraa Huanchaco som skulle paa same tur som oss, men med andre selskap. Verden er liten, ogsaa i Peru.

Lordag morgen klokka 6 var me pakka og klar for tur saman med 9 andre + ein kokk, ein "guide" og ein eselforar. Me var bekymra for hogden, sidan me kom fraa kysten og kun hadde hatt ein dag med aklimatisering. Me valgte likeval aa ta sjansen sidan me ikkje hadde merka noko saerleg til hogden. Kjoreturen var lang paa kronglete, bratte og smale vegar med hogaste punkt paa 4767 moh, det merktes paa pusten!







Jubel paa hogaste punkt: 4767moh.

Det verste var naar det kom ein motgaande bil og me maatte bakka i ein av dei smale svingane med stup rett ned. Etter 6 timar var me framme i den avsidesliggande landsbyen Vaccaria paa 3700 moh. Me benytta tida i bussen paa aa drikka masse vatn og eta for aa ha energi og overskudd til turen. Framme i Vaccaria klokka 12:30 fekk me utdelt kvar vaar nistepakke: 2 lyse rundstykker med servelat, ei banan, ein sjokolade og ein liten pakke kjeks. Det me ikkje visste var at denne maten skulle vare fram til 19:30 om kvelden.

Ja, og det er vel her dramatikken begynte. Hesten til Camilla var ikkje paa plass, og prisen var hogare enn tidlegare fortalt. Folk blei klare paa ulike tidspunkt aa me gjekk derfor ikkje i ei samla gruppa. Ruth Wenche sin overeting paa bussturen i tillegg til hogden gav naa sine resultater. Starten var ikkje saa god for Ruth Wenche, men etter eit par dobesok vart det betre. Naa var det Gry som overtok gradvis med med sine problemer. Gry begynte aa kjenne dunking i hovudet, men det gjekk forholdsvis greit sidan me gjekk i eit roleg tempo med hyppige pausar. Me vart derfor midt i mellom dei raskaste og dei treigaste. Sidan me ikkje hadde noko sarleg lyst aa gaa feil i dei mektige Andesfjella, venta me heller paa baktroppen.






Baktroppen bestod av paret fraa Israel som hadde store problemer: Ho med vondt i hjarta samt problem med aa pusta, han hadde problem med hovudet. "Guiden" brydde seg ikkje og himla med augo og derfor maatte me ta litt ansvar. Camilla med den forstua foten ofra til og med iblant hesten sin til henne.

Det var godt aa komma fram til campen som var paa 3900 moh, der var det fleire teltlag men me hadde nok den styggaste. Dei kaldaste soveposane var igjen til oss, samt eit telt der den ytterste glidelaasen ikkje virka. Forelopig var det heller ingen informasjon gitt fra guidane og det var tidleg lite vennlighet aa finne.

Dei siste metrane var tunge for Gry, som maatte legge seg strekk ut naar ho kom fram, og utover kvelden vart det berre verre og verre. Hovudet dunka som aldri for og kvalmen sneik seg gradvis fram. RW og Camilla la seg etterkvart ogsaa ned og kjente ein snikande hovudpine. Maten blei klar noko som var baade bra og daarleg. Mest av alt hadde Gry berre lyst til aa ligga strekk ut, men sidan det var lenge sidan forrige maaltid gjekk me til fellesteltet. Aa bevega seg og komma inn i eit telt med masse lydar gjorde det berre mykje verre. Eg maatte nesten vri meg i smerter, men ingen spurte kossen det gjekk. RW og Camilla var derimot svaert hjelpsomme. Eg klarte ikkje sitta der meir og etter ei kokasuppe og litt middag gjekk eg inn og la meg i teltet vaart.

Det viste seg seinare at dei aller fleste hadde problem med hovudet og hadde derfor nok med seg sjolv. Etterkvart vart det store samtaleevnet den daarlege servicen fraa guidane. Ikkje ein einaste gong spurte dei nokon korleis det gjekk. Gry bestemte seg for at hu ikke kunne fortsette til neste camp som hadde hogaste punkt pa 4750 moh, tok ein hogdetablett og ein kopp kokate, som skal vaere bra for hogden. Ruth Wenche byrja sin diskusjon med guiden. I Huaraz hadde me forsikra oss om at dersom me skulle bli daarlege ville nokon snu med oss saman med eit esel. Dette viste seg naa aa ikkje stemme, og Ruth W provde forgjeves aa faa turledaren til aa forstaa sitt ansvar. Natta kom (dvs klokka 9), hogdemedisinen og kokateen gjorde det betre for Gry, som etterkvart sovna med bekymra sidekamerater. Camilla hadde med masse bra utstyr og delte gladelig. Gry har aldri folt seg saa hjelpaslaus paa ein tur for, og vart derfor glad naar ho kunne vare til nytte og byte sovepose med Camilla som froys veldig. Utstyret fra byraaet var heller daarleg, fleire froys heile natta.

Yes, og saa blei det morgen. For alle utanom Gry og litt Camilla hadde hovudpinen gitt seg. Saa dagen starta med ny hogdemedisin og kokate i soveposen for Gry sin del, og endelaus krangling med guiden angaande penger og retur for Ruth Wenche sin del. Det endte til slutt med at RW fekk 30 soles til returreise med buss, ingen esel eller hest men eit slags tilbud om folge tilbake fra ein lokal i naboleiren. Guiden brydde seg ingenting og sa ikkje eit ord til oss.

Gry visste at ho maatte snu, men fekk vondt av RW som og ville snu daa. Men det viste seg at kokka ikkje hadde kokt vatn (som lova), og nista var heller mindre denne dagen sjolv om dette var den hardaste etappen. Og med turlederane som var utrulig daarlige, saa var det egentleg berre godt aa snu, sjolv om me folte oss lost og aleine i dei mektige Andesfjella. Folka paa gruppa var veldig koselege, og me haapar verkeleg at det gjekk bra med alle (Alle klarte det, me traff samtlige igjen i gaar paa hostelet vaart og fekk referat). Medan dei rusla oppover bakkane, gjekk me bortover til han som skulle folge oss ned att. Me forventa absolutt ingenting av han, og sa at me kunne gaa i forvegen medan han hjalp dei andre med aa pakka esla. Med tidligare lite vennleghet vart me derfor meget rort naar han med eit stort smil sa: "Amigas, no problemas, yo caminar despacio tambien" Viss me ville venta nokre minutter ville han gaa seint saman med oss.


Det vart ein interresant og laererik tur, med unntak av nokre spypausar, strekk ut liggepausar, hovudverk og kvalme for Gry. Undervegs traff me paa fleire gjeterungar som Javier kjende, og det blei ein skikkelig fantastisk kulturopplevelse. Me fann fram sjokolade, kjeks og mandariner og delte ut, takknemligheten og gleden hjaa ungane var enorm.

Dei siste to timane gjekk me forbi fleire landsbyar, tok blant anna ein stopp hjaa familien til Javier som hoyrer til Kitchustammen. Dei har sitt eige spraak og fleire lever isolert og snakker derfor ikkje spansk. Av andre Peruanerar blir dei sett paa som indianerar, medan dei sjolv identifiserar seg med inkakulturarven. Fraa Javiers hus fekk me nytt folge av syster hans Mabell den siste timen. Turen varte tilsaman litt over 4 timar. Ruth Wenche holdt samtalen gaaande paa spansk, og det var mykje interresant aa hoyra om. Sjolv Gry som hadde nok med aa bevege seg framover syntes det var interresant aa hoyre om livet deira.
Gry og dei andre var svaert letta og fornoyd med at hu klarte aa bevega seg framover dei 15km med ein avsluttande svaert bratt stigning paa 400 hoydemeter. Ruth Wenche var letta naar det stod ein minibuss klar, akkurat paaveg tilbake til sivilisasjonen og ned ein del hogdemeterer. Etter 3 og ein halvtimes humpete busstur, letta hovudet til Gry. FANTASTISK.

Naa er me tilbake i Huanchaco og det er enda meir fantastisk. For sjolv om hovudet blei bedre paa vei ned, blei det vondt igjen natta etter. Dagen etter blei brukt til aa sova paa kvar ein mogleg plass. Drit aa ikkje takla hogden. Kanskje surfeoyrene mine og mangel paa mat ogsaa gjorde sitt utslag i tillegg til for kort tid med aklimatisering. Eg har iallefall fortsatt lyst aa bestige hoge fjell. Ruth Wenche er med, for hoyden gjekk bra for ho:) Men guide og reiseselskap skal vurderast noye paa forehand.












Abrazos de chica fuerte a la montaña y chica fuerte a la playa:)